NRK Meny
Normal

NTNU på topp-fem-lista

Saman med universiteta i Cambridge, Oxford, Newcastle og Cardiff er NTNU best på klimaforsking i Europa.

NTNU

BLANT DEI BESTE: NTNU når heilt opp til toppen av listene når det gjeld klimaforsking.

Foto: NTNU

Det viser ei ny verdsomspennande rangering gjort av Det globale instituttet for karbonfangst og -lagring.

Gunnar Bovim

SATSAR STORT: Rektor Gunnar Bovim vil trappe opp forskinga på energi og klima.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Grunnen til at NTNU når så høgt opp er at dei har energi som eitt av fire område dei satsar spesielt på.

– Me har satsa bevisst på forsking innanfor energi og klima, og har mange dyktige forskarar som har gjort ein stor innsats på dette området, seier rektor Gunnar Bovim i ei pressemelding frå NTNU.

LES OGSÅ: Ville immatrikulere babyen ved NTNU

Seks av dei sju fakulteta og halvparten av dei 61 institutta forskar på energi. NTNU samarbeider òg med fleire andre institusjonar om klimaforsking.

– Eg lover at me kjem til å jobbe enda meir med denne type forsking i åra som kjem. Verda treng berekraftig energi, og det er ein del av samfunnsoppdraget og visjonen vår å skape ei betre verd, seier Bovim i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Her er fremtidens ingeniører
LES OGSÅ: Har høgare snitt, men er framleis mest interesserte i helsefag

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.
Terje Våg fra Snåsa. En av fem finalister til Årets Ildsjel.