Hopp til innhold

Leitar etter koronavirus i kloakken

TRONDHEIM (NRK): Forskarar meiner dei no kan finne koronavirus i restane av det vi spyler ned i do. – Dette vil kunne kartlegge kor stor smitten er i eit avgrensa område, seier NTNU-professor.

Høvringen renseanlegg i Trondheim

KORONA I AVLØPSVATNET: NRK besøkte Høvringen avløpsreinseanlegg i Trondheim som tek i mot avløpsvatnet til to tredjedelar av byens omtrent 200.000 innbyggjarar. I dette vatnet vil NTNU-forskarar prøve å finne spor av koronaviruset.

Foto: Anders Werner Øfsti / NRK

NTNU-forskarar samarbeider med Norsk institutt for vannforskning (NIVA) for å utvikle metodar for å spore koronaviruset i avløpsvatn.

– Fleire studiar viser at koronaviruset kan målast i avløpsvatn. Til og med fleire dagar før det oppstår tilfelle som blir oppdaga av dei vanlege testane, seier Eivind Almaas, professor ved Institutt for bioteknologi og matvitenskap ved NTNU.

Dette vil gjere det mykje lettare å vite kor stor smitten i samfunnet er.

Studiar har vist at koronaviruset er i avføring allereie tre dagar etter infeksjon. Mykje raskare enn tida det tek å utvikle alvorlege symptom. Ein kan dessutan finne viruset i avføring og urin fleire veker etter at folk har blitt friske.

– Dette vil vere ein fantastisk ressurs å få på plass. Slik kan vi tidleg skaffe oss eit bilete av kor stort smittetrykk det er og få sett i gong eit varslingssystem, fortel professor Almaas.

Samla inn vassprøver allereie i mars

No er dei i gong med å utvikle ein protokoll for virussporing i avløpsvatn. Det har blitt gjort fleire gonger før – både i USA, Spania og Italia.

Italia planlegg å teste avløpsvatn over heile landet i oktober, ifølge nyheitsbyrået Reuters.

– Dette arbeidet tek tid. No er vi ganske nær. Vi vil klare å få resultat i løpet av dei neste vekene, hevdar Nikolay Martyushenko, postdoktor ved NTNU.

Forskerer ved NTNU tar prøver av avløpsvannet i Trondheim

VASSPRØVE: – Vi tek ut vassprøver til NTNU, slik at dei kan forske på covid-19 og finne ut om dei finn det i avløpsvatnet frå Trondheim, seier Silje Bjordal, sivilingeniør i vatn- og avløpsteknikk i Trondheim bydrift.

Foto: Anders Werner Øfsti / NRK

Parallelt med NTNU sitt arbeid har NIVA sett på utviklinga av covid-19 i befolkninga gjennom vassprøver frå ulike avløpsreinseanlegg rundt omkring i landet.

– Dei var tidleg på ballen og starta å samle inn prøver allereie i midten av mars, opplyser Almaas.

NTNU fekk tilgang til NIVA sine kloakkprøver frå Oslo i mars då konsentrasjonane av viruset var høge. Kvar veke har dei samla inn prøver frå reinseanlegg i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Dei håpar dei vil ha klart eit resultat i slutten av august.

– Det var avgjerande å starte overvakinga med ein gong pandemien ramma Noreg, seier Jose Antonio Baz Lomba, forskar i NIVA.

– Effektiv måte å stoppe smitte på

Overvaking av avløpsvatnet vil kunne gje helsemyndigheitene ein indikasjon på kor og når ein må sette inn tiltak.

Eivind Almaas

PROFESSOR: Eivind Almaas, professor ved Institutt for bioteknologi og matvitenskap ved NTNU.

Foto: Anders Werner Øfsti / NRK

– Dette er ein måte å kunne ha «ein finger på pulsen» for å kartlegge kor stort smittetrykk det er i eit avgrensa område. Med måling av avløpsvatn, kan vi vite når vi bør sette i gong i kvar enkelt kommune, fortel Almaas ved NTNU.

Overvaking av vatn kan gje eit betre anslag på kor utbreidd koronaviruset er, enn testing av befolkninga.

Mikrobiologar har brukt overvaking av avløpsvatn for å studere sjukdomsframkallande virus i fleire tiår, skriv Péter A. Csángó, som er lege og spesialist i medisinsk mikrobiologi.

Det er ein effektiv måte å stoppe smitte på, seier Almaas.

Sporing av virus i avløpsvatn kan gje eit forsprang for innføring av tiltak som til dømes lockdown. Avløpsvatn kan også brukast som eit varsel dersom viruset kjem tilbake.

Billeg løysing for å kontrollere koronasmitte

NTNU-forskarane trur overvaking av koronavirus i avløpsvatnet i kombinasjon med meir målretta testing, vil vere ei billegare og betre løysing for å kontrollere smitten i samfunnet.

– Dette er noko Noreg må gå inn og satse på. Det kostar mykje mindre enn kostnadane ved å måtte stenge ned, seier Almaas.

Høvringen renseanlegg i Trondheim

NY TESTMETODE: NTNU-forskarar utviklar metodar for å spore koronaviruset i avløpsvatn. F.v. André Voigt, postdoktor ved NTNU, Silje Bjordal, sivilingeniør i vatn- og avløpsteknikk, Nikolay Martyushenko, postdoktor ved NTNU og Eivind Almaas, professor ved NTNU.

Foto: Anders Werner Øfsti / NRK

Forskarkollega André Voigt ved NTNU meiner det er uheldig med eit fokus på symptom for at ein skal byrje å teste personar.

– Folk kan få så svake symptom at ein ikkje nødvendigvis assosierer det med korona, seier han.

Usannsynleg å bli smitta under bading

FHI skriv at det ikkje eksisterer noko dokumentasjon på at covid-19 har blitt overført via drikkevatn eller kor lenge viruset overlever i overflatevatn.

Er det fare for å bli smitta dersom ein badar i fjorden?

– Det er svært usannsynleg. Viruset vi fangar opp er ikkje aktivt. I tillegg blir det fortynna i fjorden. Det er eit vanskeleg miljø for viruset å overleve i, forklarar Almaas.

Det er altså ikkje fare for koronasmitte gjennom verken behandla drikkevatn eller bading, men avløpsvatnet kan vere ein indikator på smittesituasjonen i eit område.

– Denne sjukdommen spreier seg fort. Kvar dag tel, fastslår NTNU-professor Almaas.

Sjå TV-innslaget frå NRK sitt besøk på Høvringen avløpsreinseanlegg:

Forskarar meiner dei no kan finne koronavirus i restane av det vi spyler ned i do.