Hopp til innhold

Byggjer milliard-kraftverk under E6 – inngrepet er nesten ikkje synleg

Det nye kraftverket vil gje straum til 20.000 husstandar. Det ligg djupt inne i fjellet og inngrepet er nesten umogleg å sjå på overflata.

Nedre Fiskumfoss

EIN MILLIARD KRONER: kostar utbygginga av det nye kraftverket som dei no byggjer inne i fjellet under elva Namsen.

Foto: NTE

Dei har sprengt seg nesten hundre meter ned i fjellet i Fiskumfossen. Det er laga over ein kilometer med tunnelar som delvis går under E6 og like ved jernbanen. Dette er miljøvenleg, seier NTE sin prosjektleiar Randi Reitan Troset.

– Vi låner elva i nokre minutt, lagar straum av ho og sender elva like rein ut på nedsida. Bygginga skjer og utan synlege naturinngrep, seier Troset.

Ho viser til at det ikkje er laga ein ny dam. Dei har kun teke eit hol utanfor den gamle kraftstasjonen og bygd ein heilt ny kraftstasjon under jorda.

Det gamle kraftverket nokre meter unna vart bygd under krigen. Det blir snart stansa og vatnet frå Namsen skal leiast inn til nye turbinar og gje straum til 20.000 husstandar.

turbin

To nye turbinar skal sørgje for at kraftverket produserer straum til 50.000 trønderar.

Foto: Vegard Woll / NRK

Lønnsamt

Prislappen på det nye kraftverket er ein milliard kroner. Og trass i framleis låge straumprisar i Midt-Noreg er det ei lønnsam investering.

– Då vi rekna på om vi skulle byggje nytt eller rehabilitere det gamle kraftverket, var det på grensa til at det var lønnsamt. Men vi tok sjansen. Skattereglane har og endra seg etter at vi starta og gjort det meir lønnsamt å oppgradere gamle kraftverk, seier NTE sin prosjektleiar.

Nord-Trøndelag E-verk har, når det nye kraftverket blir sett i drift, oppgradert fem av dei åtte kraftverka sine i Namsen. Dei er ikkje åleine.

På dei siste 20 åra er det gjennomført over 200 liknande oppgraderingar av kraftverk i Noreg, ifølgje Seming Haakon Skau, som er senioringeniør i NVE.

Det har auka straumproduksjonen med nesten 5 TWh, som svarer til 5 milliardar kilowattimar.

Randi Reitan Troset

Prosjektleiar i NTE, Randi Reitan Troset, er stolt over at dei kan byggje ein ny kraftstasjon nesten utan inngrep som synest.

Foto: Vegard Woll / NRK

Vurderer fleire oppgraderingar

I Trøndelag ser NTE på om dei skal gjere endå ei oppgradering i Namsen.

– Vi vurderer no om vi skal oppgradere Aunfoss kraftverk som ligg litt lenger opp i elva, men det er så langt ikkje bestemt, seier Troset.

Det er utfordrande å byggje kraftverk i eit lakseførande vassdrag som Namsen. Laksen skal både komme seg opp og ned den oppdemde fossen, og NTE har brukt store ressursar for å sikre at fisken ikkje blir skadd.

Det er mellom anna sprengt ut ein nedvandringstunnel for fisk som skal ut i havet etter gyting. Inntaket er førebudd med fiskeluker, som styrer fisken mot nedvandringstunnelen.

Troset seier dei har hatt tett dialog med eleveigarlaget og valdeigarar i området. Elveeigarlaget har mellom anna vore til stades etter sprengingar og gått over elva for å sjå om fisk har teke skade.

Trapp

Det er bygd nesten 1,1 kilometer med tunnelar i kraftverket. Langs denne trappa skal det trekkjast kablar opp til transformatorane.

Foto: Vegard Woll / NRK

Har sprengt ut 130.000 kubikkmeter fjell

Arbeida som entreprenør Skanska har gjennomført langt inne i fjellet og utanfor har vore krevjande. Å transportere over 60 tonn tunge transformatorar inn i tronge fjellhallar krev nøye planlegging. Det er også brukt store mengder betong og sprengstoff.

– Vi har brukt mellom 14- og 15.000 kubikkmeter betong i tunnelar og hallar så langt. Kor mange tonn dynamitt som har gått med har eg ikkje oversikt over, men vi har sprengt ut cirka 130.000 kubikk med berg, seier assisterande prosjektleiar for utbyggjar Skanska, Kjell Ove Lænd.

Les også Sparer 50 millioner på å produsere vannkraft i Sverige – krever bedre betingelser i Norge

Nytt vannkraftverk Grong

Både han og NTE sin prosjektleiar understrekar det positive i at denne typen utbyggingar er svært miljøvennleg. Det meste skjer under jorda, og påverkar ikkje miljøet rundt.

Kraftverket i Nedre Fiskumfoss vil produsere 382 GWh i løpet av eit år. Til samanlikning vil ein gjennomsnittleg vindturbin produsere cirka 15 GWh, så produksjonen i Fiskumfossen svarer omtrent til 25 vindturbinar.

– Eg er veldig stolt over å få vere med å byggje vasskraft. Det er så berekraftig som det går an å få det, seier Lænd.

26 tonn

Det blir gjort mange tunge løft for å bygge kraftstasjonen i Grong. Her heisast den 26 tonn tunge toppen til ein av turbinane på plass.

Foto: Vegard Woll / NRK

Stort potensial

Troset og NTE håpar no dei skal klare å bli ferdig til opninga som skal skje 3. kvartal neste år.

Hos NVE får dei jamleg inn nye søknader om å få oppgradert og fornye både små og store kraftverk, opplyser Seming Haakon Skau, senioringeniør i NVE. Berre i andre kvartal i år vart det gjeve løyve til oppgradering av to mindre kraftverk.

Men framleis er det mange eldre kraftverk i landet, og ifølgje NVE er det eit stort potensial for å ta ut mykje meir kraft ved å oppgradere eller fornye dei.

Tunell

Over ein kilometer med tunnelar er sprengde ut i fjellet under Fiskumfossen.

Foto: Vegard Woll / NRK