Hopp til innhold

NRK får sende Celtic-Rosenborg på radio

Etter det vart kjent at Celtic-Rosenborg ikkje vert sendt på TV har NRK klart å sikre seg rettigheitene til radio. Dermed vil kampen bli sendt direkte på NRK Sport.

Champions League kvalifisering 2017: Rosenborg - Dundalk 2-1 (3-2)

Rosenborgs Yann-Erik de Lanlay scorer 1-1 under kvalifiseringen til Champions League mellom Rosenborg og Dundalk på Lerkendal Stadion og gratuleres av Mike Jensen.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Måndag kveld bekrefta sportssjefen i MTG Sport Norge, Anne Tufte, at dei ikkje har klart å sikre seg TV-rettigheitene til Celtic-Rosenborg. Kampen blir derfor utilgjengeleg for alle norske tv-sjåarar. No har NRK klart å sikre seg rettigheitene til radio.

– Det er utruleg godt å vite at kampen blir tilgjengeleg på radio, det veit eg mange vil setje pris på.

Kjernen-talsmann Espen Viken er tydeleg opprørt over at kampen ikkje vil bli vist på TV, men synest det er flott at NRK tek ansvar.

– De må sende ein god kommentator då, seier han med ein liten latter.

Viktig for trønderane og resten av landet

NRK har jobba med å få kjøpe rettigheitene heilt sidan det vart kjent at Rosenborg skulle spele mot Celtic, men det vart endå meir attraktivt å få det i hamn etter TV-nekten frå Celtic.

– Det er ein stor kamp, og så langt årets viktigaste kamp for Rosenborg. Dette er både det trønderske publikummet og resten av landet interessert i å få med seg, seier Joar Elgåen, fungerande redaktør hos NRK Trøndelag.

Kampen vert sendt på NRK Sport, samt NRK P1 i Trøndelag, 20:40 til 22:40.

– Eit spark i ballane

Det er årets tøffaste bortekamp som ventar Rosenborg, og det er venta å vere over 50.000 tilskodarar på tribunen. Celtic tok seg vidare til meisterligaen i fjor, og Viken frå Kjernen klarar ikkje å fatte kvifor kampen ikkje kan sendast på TV.

SOCCER-CHAMPIONS/CELTIC-LINFIELD

Det er venta i overkant av 50.000 tilskodarar på stadion i Glasgow.

Foto: RUSSELL CHEYNE / Reuters

– Sjølv om UEFA ikkje rangerar desse kvalifiseringskampane så høgt, så er det dritviktige for oss. Argumentasjonane Celtic kjem med for å ikkje sende kampen på TV i Norge held ikkje mål. Det er rett og slett eit spark i ballane.

Etter det NRK forstår fryktar den skotske klubben ulovleg streaming og færre tilskodarar på stadion dersom kampen skulle sendast på TV. Viken er einig i at fotball er best dersom ein er på stadion, men i dette tilfelle er han djupt skuffa:

– Når kampen angår så mange som er så langt vekke blir det heilt feil.

Returoppgjeret blir sendt på TV

Viken veit om ein gjeng som reiser over til Glasgow for å sjå kampen, men for han sjølv og alle andre fans i Norge er det ikkje mange moglegheiter. No er han glad for at oppgjeret skal sendast direkte på radio.

For dei som absolutt skulle sett kampen på TV er det mogleg for alle i Norge å kjøpe abonnement gjennom Celtic TV. Returoppgjeret blir spelt på Lerkendal 2. august 20:45, og blir sendt på Viasat 4.