NRK Meny
Normal

Frå trøndersk suksess til milliardgjeld

Det privateigde selskapet Norske Skog slit med milliardgjeld etter å ha kjøpt seg opp til å verte ein av verdas største papirprodusentar.

Norske Skog, Skogn

Norske Skog klarar ikkje å betale gjelda si, som er på over 6 milliardar kroner.

Foto: Eivind Aabakken/NRK

– Det begynte som ei trønders suksesshistorie, men har utvikla seg til ei krise for eit globalt selskap, seier forfattar Geir Pollen.

Norske Skog vart danna på slutten av 50-talet, og ein toppmoderne papirfabrikk vart reist i Skogn i 1966. Dette vart ein suksess, og dermed ekspanderte det vidare til resten av landet, Europa, og til slutt - verda.

Ifølgje Pollen som har skrevet bok om Norske Skogs historie var det dåverande konsernsjef Jan Reinås som på 2000-talet tok spranget ut i verda.

– Han kjøpte eit kjempedigert New Zealand-basert papirkonsern, og blir med det kanskje verdas største produsent av trykkpapir, seier Pollen.

Reinås skal ha kjøpt konsernet for 20,7 milliardar, og det er denne gjelda dei framleis sit igjen med. Papirmarknaden vart kraftig svekkja, og selskapet klarar ikkje å betale gjelda på over seks milliardar kroner.

Skal staten betale?

I dag eig Norges skogeierforening berre 2,6 prosent av aksjane, resten eigast av norske og utanlandske investorar. Tidlegare denne veka signaliserte statsminister Erna Solberg at regjeringa vurderar å gripe inn for å hjelpe Norske Skog. Hennar partifelle, Gunnar Gundersen, modererer dette utspelet.

– Det er openbart at ein statsminister og ei regjering vil følgje med på eit så stort selskap. Det dreia seg om 1000 norske arbeidsplassar, og to særdeles viktige industrianlegg i Norge. Men, dei har ikkje signalisert noko ønske om statleg hjelp, seier Gundersen.

Norske Skog

Norske Skog vart danna på slutten av 50-talet, og ein toppmoderne papirfabrikk vart reist i Skogn i 1966.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Senterpartiet meiner derimot at staten må ta ansvar, sjølv om dei ikkje vil kommentere om det er aksjane eller gjelda dei vil ta over.

– Vi er opptekne av at regjeringa ikkje skal sitje stille å sjå på denne prosessen. Eg meiner at regjeringa må vere meir aktiv, og at ein må vere heilt tydlege på at det er uaktuelt at Norske Skog skal gå konkurs, seier SPs Geir Pollestad frå Næringskomiteen.

Treng ikkje døy heilt ut

Arbeiderpartiets Knut Storberget er einig med Høgre om at det blir feil at staten å subsidiere enkelte bedrifter.

– Det er ei tøff gjeldsforhandling som pågår mellom eigarar og investorar, og eg trur partipolitikarar i valkamp bør halde fingrane av fatet for å sjå om selskapet klarar å rekapitalisere, seier Storberget.

Norske Skog har foreløpig ein frist til 11. august med å finne ei løysing mellom eigarar og kreditorar. Dersom morsselskapet blir slått konkurs er det framleis håp for at dei to fabrikkane i Norge kan bli kjøpt opp av private investorar eller staten.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
det er julebordtid, og av alle ting du må passe på er tennene. Ikke bare med tanker på sukker og syre og sånn, men det kan skje uhell skal vi tro tannlegene!
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.