Hopp til innhold

Norske Astrid (18) toppar Billboardlista

Sjølv om Astrid Smeplass (18) frå Rennebu toppar den amerikanske albumlista Billboard, solar ho seg ikkje i glansen. Det meste av tida går med til å skrive ny musikk.

Astrid Smeplass

Astrid Smeplass er den første soloartisten sidan Sissel Kyrkjebø til å toppe Billboard i USA.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK P3

Billboard med Mendes og Smeplass på topp

Albumet der duetten til Astrid og kanadiske Shawn Mendes er med, ligg øverst på albumlista på Billboard.

Foto: Skjermdump billboard.com

Smeplass vart kjent for det norske folket da ho kom på femteplass i Idol i 2013, men er no i ferd med å få ein internasjonal karriere.

Ho er no med på ei plate som ligg øverst på den amerikanske lista Billboard.

– Veldig flaks

Det er albumet «Handwritten» med kanadiske Shawn Mendes. Astrid Smeplass syng duett med han i låta «Air».

Ikkje sidan 1997, da Sissel Kyrkjebø song på soundtracket til Titanic, har ein norsk soloartist vore med på eit album på Billboard-toppen.

Det var Dagbladet som skreiv om topplasseringa først i norsk media.

Billboard-eventyret til jenta frå Berkåk starta ganske tilfeldig i januar.

– Eg var i New York på ferie, og stakk innom plateselskapet mitt der for å seie hei, seier Smeplass til NRK.

Island Records er òg plateselskapet til Shawn Mendes, og han var innom dagen etter. Han var på utkikk etter ein duettpartnar, og etter berre nokre dagar ringte han til Astrid.

– Veldig flaks, seier Smeplass på telefon frå Stockholm, der ho jobbar med ny musikk.

Travel i Stockholm

Astrid Smeplass

Astrid Smeplass er i ferd med å bygge opp ein karriere som musikar og låtskrivar.

Foto: Jonas Jeremiassen Tomter / NRK P3

I dagleglivet tenker ho ikkje over topplasseringa på Billboard.

– Eg skriv nye låtar, speler inn musikk og fartar rundt og møter folk. Business, ler ho.

– No har eg skrive kvar dag i ein månad, og inspirasjonen er litt på tur ned akkurat no, seier ho.

Når det gjeld framtida, er ho usikker.

– Eg trur det er avgrensa kva den billboardplasseringa betyr, Eg veit at mange trur at dette kan hjelpe meg med å få eit gjennombrot, men det er jo veldig avhengig av kva eg gjer det til sjølv, seier ho.

Håpar å få bli med på turné

Ho trur ikkje det blir lett å få fansen til Mendes til å henge på vidare.

– Eg gjer nok ein litt annan type musikk enn han, seier Smeplass.

Shawn Mendes er berre 16 år, men allereie stor stjerne både i heimlandet Canada og i USA. Han held store konsertar, og avsluttar ein turné i desse dagar. Han skal ut på ein ny turné i mai, og kanskje vil han ha med seg ein gjesteartist?

– I så fall håpar eg at han vil velje Astrid frå Rennebu – sjølv om han kan ta med seg omtrent kven som helst, seier den unge musikkstjerna frå Sør-Trøndelag.