Dei norske hopparane viste nok ein gong at årets sesong har vore langt betre enn tidlegare. Under verdscuprennet i polske Planica fredag, tok hopparane andreplass medan Finland tok første og Austerrike sikra seg tredjeplassen.
På det norske laget hoppa Tommy Ingebrigtsen, Roar Ljøkelsøy, Henning Stensrud og Bjørn Einar Romøren.
Rekord frå Roar
Det er ingen tvil om at Roar Ljøkelsøy frå Orkdal har gjort sin beste sesong i år. Fredag viste han det endå ein gong. Sjølv om Ljøkelsøy ikkje fekk til dei lengste hoppa i konkurransen, sette han ny norsk rekord i prøverennet. Ljøkelsøy landa då på 221,5 meter, som er to meter lengre enn Tommy Ingebrigtsens verdsrekordhopp i Planica i 2001.
Tommy best
Tommy Ingebrigtsen har ikkje vist like god form dei siste dagane. Torsdag greidde han ikkje å kvalifisere seg til det individuelle rennet som går laurdag. Under rennet fredag, viste Ingebrigtsen derimot betre takter. Tommy hadde det beste norske hoppet i rennet med 218,5 meter. Totalt var Tommy sitt hopp det fjerde beste i konkurransen. Veli-Matti Lindström frå Finland hoppa lengst i konkurransen med 224,5 meter.