Hopp til innhold

Norsk fredspris til Burma

Studentane sin fredspris 2007 går til den burmesiske aktivisten og studenten Charm Tong.

Charm Tong

Ho får prisen for arbeidet ho har gjort mot det militære regimet i Burma.

- Eg er veldig glad for å ha fått prisen, seier Charm Tong til NRK Trøndelag, på telefon frå Burma.

Ho er berre 25 år gamal, men har gjennom sitt korte liv talt for FNs menneskerettskommisjon og snakka ein heil time med den amerikanske presidenten George W. Bush.

Jobba i mange år

Tong begynte som 16-åring å jobbe med menneskerettsgrupper i Chiang Mai, hovudstaden i Nord-Thailand og heim for mange innvandrarar frå Myanmar. Ho gjennomførte eit studie av dei burmesiske flyktningane i området, og dette resulterte i eit føredrag om juntaens ugjerningar i hjemlandet.

Komiteen, som mellom anna har vore sett saman av representantar frå Amnesty, Raude Krossen, Redd Barna og PRIO, trekkjer fram at kvinner ofte blir sett på som offer i konfliktar. Dei understrekar at Tong er med på å synleggjere kvinner som ein ressurs for fred og utvikling.

Får prisen i februar

Fredsprisen blir delt ut annankvart år under studentfestivalen ISFIT, og går til ein student eller studentorganisasjon som har utmerka seg i freds- og menneskerettsarbeid.

Prisen blir gitt til Charm Tong 23. februar under den internasjonale studentfestivalen i Trondheim.