Hopp til innhold

– Norge Rundt-landbruket kallar eg det

Folk tenkjer at den norske bonden har namn på kvart dyr og eit nært forhold til jorda. Men slik er ikkje verkelegheita lenger, forklarar forskar ved Bygdeforskning i Trondheim.

Steigen småbruk

SMÅTT OG GODT: Slik likar me å tru at det norske bondelivet ser ut.

Foto: Kyrre Lien / SCANPIX / Scanpix

– Trua på norske bønder er framleis rørande høg, synest eg.

Det seier Oddveig Storstad. Ho forskar på tilliten folk har til norsk landbruk ved Bygdeforsking i Trondheim.

– Dei fleste har tillit til norsk landbruk og slik har det vore i mange år, men det er i endring no.

Mange har eit bilete av at norske bønder driv eit småskala, romantisk Noreg Rundt-landbruk, fortel Storstad.

Oddveig Storstad

BONDEEKSPERT: Oddveig Storstad veit meir enn dei fleste om korleis me nordmenn ser på bønder og landbruk.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

– I verkelegheita blir matproduksjonen i Noreg meir og meir storskala og industrialisert. Det ser me spesielt på fjørfe, men òg svin. No skjer det òg gradvis med mjølka.

Kort veg til matfatet

Kortreist mat er den store trenden no. Storstad trur den kjem til å halde ei stund til.

– Lokal og kortreist mat har kome fort samanlikna med den lange historia til økologisk mat. Eg har forska mykje på økologisk mat, men den slo aldri heilt gjennom i Noreg.

Over 5 % av norske bønder driv med ei eller anna slags form for småskala matproduksjon.

– Det er mykje, seier Storstad.

Ein finn bønder overalt i Trøndelag, og folk flest har høg tillit til dei her i fylka våre.

– Jo nærare du er landbruket både geografisk og mentalt, jo høgare tillit har du til det.