Togtrafikken mellom Stjørdal og Trondheim går som normalt etter kortslutningen i ein kabel torsdag morgon. Feilen førte til full stopp i togtrafikken.
Passasjerane blei frakta med buss, og det oppsto fleire mindre forseinkingar.
Det første toget gjekk frå Trondheim igjen klokka 10.10 torsdag formiddag.
Manuell dirigering
Feilen er funnen ved Midtsandan i Malvik. Jernbaneverket er no i ferd med å reparere feilen som er ein eller annan stad på ein seks kilometer lang kabel.
- Det er tolv kontaktpunkt på denne kabelen, og vi må finne ut i kva punkt feilen ligg, seier Henry Lien i Jernbaneverket til NRK Trøndelag.
Denne jobben kan ta nokre timar, men i følgje Jernbaneverket er det manuell dirigering både i Hommelvik og ved Midsandan. Dette gjer at togtrafikken går som normalt, og at det berre er mindre forseinkingar.