Nord Universitet ønsker forbod mot nikab

Nord Universitet i Nordland og Nord-Trøndelag, ønsker eit totalforbod mot å bere hovudplagget Nikab på norske skolar, høgskolar og universitet.

Kvinne kledd i nikab i Oslo sentrum.

Kvinne kledd i Nikab i Oslo.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Det uttalar universitetsstyret i Nord Universitet i ei høringsfråsegn til regjeringa sitt forslag om å innføre totalforbod mot det heildekkande hovudplagget for kvinner ved alle norske skolar, høgskolar og universitet.


Universitetet i Nord-Trøndelag og Nordland, med hovudkontor i Bodø, støttar dermed regjeringa sitt ønske om å stramme inn kleskodane på norske utdanningsinstitusjonar, for å hindre ekstreme religiøse symbol brukte.

Mens hijab er eit muslimsk hovudplagg der ansiktet er synleg, er nikab heildekkande og berre augene til den som ber det er å sjå.

Fatima Almanea

Fatima Alamanea, kjent lokalpolitikar i Nord-Trøndelag, nyttar med full rett sin hijab og er stolt av å gå med den.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

Sju mot seks

Det var med knappast muleg fleirtal styret i universitetet denne veka, mot røysta til styreleiar Vigdis Moe Skarstein, og mot rektor si tilråding, vedtok å støtte regjeringas forslag om forbod, skriv Universitetsavisa.

Sju styremedlemmar stemte for regjeringas lovforslag, mens seks stemte for rektor sitt framlegg, at det skal gjennomførast samtalar med kvinner om dei kjem heilt tildekte.

Strid om forbod

Nord Universitet er med si støtte til regjeringas plan om fullt forbod, i utakt med synet til delar av høgskolesystemet.

Fleire andre norske universitet mellom anna NTNU, er imot eit forbod, og vil heller ha ordninga der universitetet eller skolen tek ein samtale med kvinner som vel å møte fram slik kledd.

Også studenttinget i Trondheim er avvisande til eit Nikab-forbod, skriv Universitetsavisa.

Torsdag kveld var saka oppe i studenttinget ved NTNU. Studentane valde å legge vekt på fridom i sitt vedtak. Dei meiner NTNU må romme eit likestilt mangfald av meningar, seksuell orientering og tru.

Malika Bayan

Kvinner med muslimske hovudplagg blir ofte utsette for sjikane og rasisme, også i Noreg. Denne kvinna Malika Bayan, vart kasta ut av ein frisørsalong på Jæren og sjikanert av innehavaren, som seinare vart stilt for retten.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix