Hopp til innhold

Nonner kjøpte katta i sekken

Nonnene ved det nye klosteret på Tautra gjekk på ein skikkeleg smell då dei kjøpte brukte dører for å spare pengar.

Nonnene i Tautra Mariakloster
Foto: Henning Skjæret / NRK

For å spare pengar kjøpte nonnene ved Tautra Mariakloster brukte dører til det nye klosteret er i ferd med å bli ferdig i desse dagar.

- Det er to høge fløydører med speil og flettverk på, forklarar søster Hanne Maria ved Tautra Mariakloster til NRK Trøndelag.

Dei antikke kykjedørene skulle monterast i det nye klosteret på Tautra.

- Dørene var laga i Europa og importert til Egypt i rundt 1860. For oss var dette litt spesielt fordi vi hadde store kyrkjelege fedre som kom frå Alexandria, seier Hanne Maria.

Utsett for insektangrep

Kyrkjedørene blei kjøpt gjennom radioprogrammet "Det fikser P1". Då nonnene sjekka dørene nærmare, viste det seg at dei var utsett for innsekt, noe som gjorde at dei måtte restaurerast.

 

Antikvariske dører
Foto: Rørosmuseet

 

- Det tok litt tid før vi fann ut kvar vi kunne restaurere dørene, men etter kvart blei vi råda til å nytte det antikvariske museet på Røros, seier Hanne Maria.

For dyrt å restaurere

Henne Maria fortel vidare at nonnene fekk hjelp av seljar til å få dei tunge dørene på ein tilhengar. Etterpå køyrde nonnene sjølv til Røros for å levere dei.

På Røros fekk nonnene beskjed om at dei måtte punge ut med det seksdoble av det dørene kosta, for å få dei restaurert slik at dei tåler ver og vind på Tautra.

- Vi diskuterte prisen, men skjønte fort at dette blei for dyrt for oss.

Brukte dører til sals!

No har nonnene lagt dørene ut for sal på Internett, men dei tek den litt mislykka handelen med fatning og er ikkje så veldig leie seg.

-  Vi såg at dette var spennande, flotte og spesielle dører, men vi var ikkje like sikre på om dei passa med vår stil, smiler Hanne Maria.

 

Antikvariske dører
Foto: Rørosmuseet