– Skal ein ta dyrevelferd på alvor, er ein nøydd til å ha ein plan for å fase ut denne typen produksjonar, seier Siri Martinsen.
Ho er leiar i Noah som jobbar for dyrs rettar.
Innspelet kjem i samband med den nye dyrevelferdslova landbruksdepartementet har hatt ute på høyring. Fristen gjekk ut 15. september, og fleire har komme med konkrete innspel.
Mellom anna Noah, som meiner produksjonen må stoppast.
– Det er viktig å fokusere meir på plantebasert produksjon, og få slutt på denne masseproduksjonen av dyr.
Meiner det må stoppast
Noah meiner generelt at alle dyr må få leve i artstilpassa miljø og kunne bevege seg, springe, leike og vere sosiale.
Men produksjonen av desse fire typar fjørfe, vil Martinsen ha til livs.
– And og gås handlar om dyr som har symjebehov og behov for å fly. Dei lever i monogame parforhold, og det å halde dei tett i tett utan å kunne fly, strir med dyrevelferdslova.
Kylling og kalkun synest ho er endå verre.
– Dei produksjonane strir grovt mot kravet frå dyrevelferdslova om at dyr skal ha høve til naturlege behov og også ikkje blir avla på ein måte som skader dei reint fysiologisk. Dei har vorte avla til ein ekstrem fysiologi som skader dei slik at kan leve i få veker før dei byrjar å få problem.
Leiar i Noah, Siri Martinsen.
Foto: NOAH / Bente IsefjærUsamd med Noah
– Noah har eit heilt anna syn, og er generelt negative til hald av dyr for matproduksjon.
Det seier fagansvarleg for dyrevelferd i Norges Bondelag, Bodhild Fjelltveit. Dei seier dei er svært opptekne av at alle dyr har det bra, og har komme med fleire innspel. Men å forby meiner dei blir feil.
– Vi som produsentar må ta omsyn til kva forbrukarane etterspør, og sal av kvitt kjøtt er det som har auka mest dei siste åra. I dag er marknaden dekt av det vi produserer i Noreg.
– Ein kan jo stille spørsmålet om Noah meiner at Noreg ikkje berre skal forby eigen produksjon av kylling, men også forby import og alle ferdigretter med kylling på ingredienslista?
Siri Martinsen er ikkje framand for også det.
– Per i dag må vi først og fremst ha ein plan for eiga utfasing. Dersom ein kjem i mål med det, kan ein vere eit godt døme og sjå på import.
Bodhild Fjelltveit i Norges Bondelag.
Foto: Karl Erik Berge / BondebladetØnskjer endringar
Norsk Kylling ønskjer ikkje å svare på Noahs innspel, men har sjølv komme med fleire eigne tiltak dei ønskjer gjennomført. Mellom anna kva type kylling det skal vere lov å produsere.
– Norsk Kylling foreslår krav om bruk av meir sakteveksande kyllinghybridar fordi det er dokumentert at denne kyllingtypen har betre helse og god evne til å utøve naturleg åtferd. Vi har også foreslått krav om lågare dyretettleik i fjøs, slik at kyllingane får betre plass.
Det seier fagsjef for dyrevelferd, Merethe Forseth. Norsk Kylling produserer i dag Hubbard-kylling, som veks saktare enn andre typar.
– Det er 20 år sidan førre dyrevelferdsmelding. Vi meiner det er på høg tid og svært viktig at ny melding er godt gjennomarbeidd og tek omsyn til oppdatert forsking og dokumentert praktisk erfaring på dyrevelferd.
Fagsjef for dyrevelferd i Norsk Kylling, Merethe Forseth.
Foto: Elin Iversen / Norsk Kylling
– Ikkje aktuelt
Noah får også ei kald skulder frå landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).
– Det er ikkje aktuelt å forby produksjon av kylling, and, gås og kalkun i Noreg.
Men elles er han glad for innspela som no kjem til den nye meldinga.
– Det har vore gjennomført fleire innspelsrundar og innspelsmøte, og synspunkta vi får i innspela er viktige for resten av arbeidet. Departementet skal no ha ein grundig gjennomgang av alle innspela som grunnlag for det vidare arbeidet med meldinga.
Geir Pollestad takkar for innspela, men seier det er uaktuelt å komme i møte Noahs forslag.
Foto: Frederik Ringnes / NTB