Hopp til innhold

Ta drosje gratis - om bussen uteblir

Frå no kan du bestille deg ein taxi om bussen er alt for mykje forseinka.

AtB tester nye busser

Bussen skal vere i rute, om ikkje kan du i framtida ha krav på erstatning, slik at du kan ta taxi.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Busspassasjerar kan frå no få erstatning om bussen ikkje kjem til rett tid, etter at ei erstatningsnemnd er oppretta for å sikre rettane til deg som tar bussen.

Tidlegare har det eksistert erstatningsordningar ved forseinkingar på fly og tog, og no kjem buss-selskapa etter.

Rutehefte AtB

Ruteheftet er ein avtale mellom buss-selskapet og deg som kunde og passasjer. Avtalen er at bussen skal gå, på rett tidspunkt.

Foto: Tone Iversen / NRK

Forbrukarrådet: – No er ordninga her

– Kven har ikkje drøymt om å ta ein drosje om bussen er forseinka, er kommentaren frå regiondirektør Roger Helde i forbrukarrådet i Midt-Noreg, til nyordninga.

Han fortel at det også er oppretta ei klagenemnd for busspassasjerar.

Er bussen meir enn 20 minutt for sein på ruta og reisa skal vare inntil ein time, kan du bestille drosje for opptil 550 kroner og få beløpet dekt, ifølgje den nye ordninga.

Går reisa over inntil tre timar, må bussen vere 40 minutt forseinka før du får refusjon, men da med inntil 825 kroner.

Og varar bussreisa di over tre timar, må bussen vere over ein time forseinka, men da skal du til gjengjeld kunne få attende 1100 kroner, i følgje dei nye reglane.

Enkelt å sende inn via nettet

Forutsetninga er at du kan vise fram dokumentasjon for forseinkinga, og du må spare på utlegg for reise med det andre kommunikasjonsmiddelet.

Ein månad har du på deg, etter å ha opplevd å bli utan buss, før du rettar krav til selskapet ditt om dekning av utgifter til alternativ transport.

Alle busselskap må frå no ha reisegarantiskjema liggande på nettsidene sine, som du lett kan skrive ut og sende på e-post til selskapet, med kopi av kvitteringar som vedlegg.

Om ikkje busselskapet aksepterer kravet, kjem den nye klagenemnda inn som ein ny instans for deg som forbrukar av buss-tenester.

Atb vurderer rutetilbudet

Nye tider for buss-selskapa og kundane etter at den nye garantien no er innført.

Foto: Stein Roar Leite