NRK Meny
Normal

No har Rie (13) operert ansiktet sitt: – Det var rart å sjå i spegelen i starten

Rie Aurora Aagaard har eit ultrasjeldant syndrom som gir ho ein annleis utsjånad. No har ho operert delar av ansiktet sitt i London.

Rie Aurora Aagaard

Her er Rie kort tid etter operasjonen. Ansiktet er framleis hovent, men Rie byrjar å venne seg til den nye utsjånaden.

Foto: Privat

Tidlegare i sommar fortalde NRK historia om 13 år gamle Rie frå Hommelvik i Sør-Trøndelag. Jenta er den einaste i Noreg med det ultrasjeldne syndromet heminasal aplasi, og ho ynskte å operere ansiktet grunna utsjånaden sin:

– Ungar kjem bort til meg og spør kvifor eg er så stygg, sa Rie den gongen.

Rie Aurora Aagaard

Dette bilete er tatt av Rie tidlegare i sommar, før operasjonen.

Foto: Helene Solheim / NRK

No er ho i London der ho har gått gjennom ein operasjon som flytta på det eine auget, ordna kinnet og sette ein eit implantat i nasen. Det var Malviknytt som først omtalte saka.

Måtte sjekkast annakvar time, døgnet rundt

Rie fortel at ho grua seg veldig i forkant av operasjonen:

– Eg og mamma shoppa vekk angsten, seier Rie med ein latter.

Etter ei lita veke som turist i London inntar familien sjukehuset, kor nokre lange dagar ventar. Operasjonen tok seks timar, og på venterommet sat ei nervøs mor.

Rie Aurora Aagaard

Her er Rie utfor sjukehuset kor ho har operert ansiktet sitt.

Foto: Privat

– Det er ikkje draumesituasjonen når barnet ditt ligg i narkose, seier mor Eirin Lyngstad.

Operasjonen var likevel vellukka, og Rie tilbringer eit par dagar i senga før ho er på beina att.

– Dei første dagane etter operasjonen var verst. Sjukepleiarane skulle sjekke meg heile tida, og skulle lyse inn i auget mitt annakvar time døgnet rundt, seier 13-åringen med ein oppgitt latter.

Rie operert

Før/etter-røntgen av ansiktet til Rie.

Foto: Privat

Rart å sjå seg i spegelen

– Men korleis var det å sjå ansiktet ditt igjen?

– Det var rart. I starten var eg veldig hoven, så det såg ikkje så bra ut. Første gongen eg tok av bandasjen på nasen byrja eg å le fordi det såg så annleis ut. Men eg begynner å venne meg til det, seier Rie.

Rie operert

Her er Rie etter operasjonen saman med legane sine.

Foto: Privat

No gler Rie seg til å komme tilbake til Norge der ungdomsskulen ventar, og om eit halv år ventar siste operasjonen. Då skal ho tilbake til London for å få eit nasebor til.

– Det er veldig spennande, seier 13-åringen med eit smil.

– Kva synest du om ansiktet ditt no då?

– Det ser annleis ut, men eg er veldig fornøgd.

Rie oppdaterar bloggen medan ho er i London, og noko av det første som kom etter operasjonen var nyheita om den nye nasen – som ikkje lenger er skeiv:

– No skal eg ha på solbriller året rundt!, skriv ho.

Rie blogg

Etter operasjonen kunne Rie endeleg bruke solbriller utan at dei fall av nasen.

Foto: Skjermdump