NRK Meny
Normal

Nigerianar døydde truleg av kveling

Den endelege obduksjonsrapporten konkluderer med at ein 48 år gamal mann frå Nigeria truleg døydde av kveling.

Minnemarkering
Foto: NRK

Mannen døydde på St. Olavs Hospital kort tid etter at han blei tatt av politiet i Trondheim i september i år.

Ifølge Dagbladet, konkluderer den endelege obduksjonsrapporten med at det er sannsynleg at 48-åringen døydde av kveling.

Rekonstruksjon av hendinga

Vitne til basketaka mellom nigerianaren og politiet har fortalt at ein tenestemann tok halsgrep på 48-åringen, då han blei tatt på Østbyen servicekontor.

I midten av oktober blei det gjennomført ein rekonstruksjon av det som skjedde. Ni personar deltok på dette, mellom anna dei fire politimennene som skulle arrestere mannen.

Sterke reaksjonar etter dødsfallet

Det norsk-afrikanske miljøet i Noreg reagerte sterkt på måten politiet handterte saka på. Organisasjonen "Nettverk mot statlig rasisme" arrangerte fakkeltog og det blei også laga til ei minnemarkering for 48-åringen. Rundt 60 personar deltok også på demonstrasjonar utanfor justisdepartementet.

Nettverket har gjort det heilt klart at dei ikkje har tillit til politiet i Trondheim og måten dei har etterforska saka på.

Det norsk-afrikanske miljøet har også kravd ei uavhengig gransking av dødsfallet.

Video fra Trøndelag

Lørdagens forestilling ved Kystens arv regnet nesten bort
Foto: Tom Modell Alte
Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal