Hopp til innhold

Etter 32 menn blir ho den første kvinna: – Det var på tide

Det vart skrive historie i Nidarosdomen i dag, då Herborg Oline Finnset (56) vart vigsla til biskop. Ho vert den 33. biskopen i Nidaros bispedøme, òg den første kvinnelege.

Vigsling av biskop Herborg Oline Finnset.

Herborg Oline Finnset (56) vert Nidaros sin første kvinnelege biskop.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

– Denne kyrkja har mange 100 år med historie, men først i 2017 kjem det ei kvinne heilt på toppen, seier ordførar Rita Ottervik etter høgmessa.

Det er 24 år sidan Rosemarie Köhn vart den første kvinnelege biskopen i Noreg, og no vart det endeleg Trondheim sin tur:

– Det var veldig på tide, seier Ottervik.

Fullsett domskyrkje

Ikkje eit einaste sete var ledig i Nidarosdomen under den historiske høgmessa. Mange ville få med seg vigslinga av Noreg sin ferskaste biskop, og med kongen på fremste rad fekk Herborg Oline Finnset (56) overrekt bispekorset.

Vigsling av biskop Herborg Oline Finnset.

Kring 1000 gjestar skapte ei fullsett domskyrkje.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

– Eg ynskjer å vere ein biskop som oppmuntrar til medarbeidarskap og arbeidsglede. Eg vil oppmuntre til frimodig tru, og eg har eit ønske om å vere både jord- og himmelvendt, seier Finnset etter seremonien.

Ho synest det er stas å vere den første kvinnelege biskopen i Nidaros bispedøme:

– Det betyr noko for meg, og eg trur det betyr noko for mange andre, seier den ferske biskopen.

Finnset tek over for Tor Singsaas, og ho vart samrøystes vald til ny biskop i Nidaros av Kirkerådet 12. juni.

Vigsling av biskop Herborg Oline Finnset.

Preses Helga Byfulglien og biskop Herborg Oline Finnset i Nidarosdomen.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

– Ho tek med seg lang erfaring som leiar frå Tromsø, og ho tek med seg ein jordnær kristendom. Hennar erfaring og hennar livsglede er viktig, seier preses Helga Byfuglien om Finnset som ny biskop.