NHO-prosjekt skaffar uføre jobb

Det er ikkje sjølvsagt å få seg fast jobb, og vanskelegare blir det om du har vore utanfor arbeidslivet i ein periode. No viser ein ny Fafo-rapport at NHO-prosjektet «Ringer i vannet» får fleire ut i jobb.

Kristin Johansen

Kristin Johansen er rullestolbrukar og har difor hatt vanskar med å finne seg ein fast jobb. Ho har no fått seg praksisplass som resepsjonist på Scandic Lerkendal i Trondheim.

Foto: Julie Haugen Egge / NRK

NHO-prosjektet «Ringer i vannet» starta opp i 2012. Målet er å motivere medlemsbedriftene til å inkludere personar med nedsett arbeidsevne og få dei ut i arbeidslivet. Onsdag la Fafo fram ein ny rapport som viser at prosjektet fører til auka rekruttering av arbeidstakarar i denne gruppa.

– Det har vore vanskeleg å få seg arbeid sidan eg slutta på skulen, fortel Kristin Johansen, som er rullestolbrukar.

Men etter ei stund kom ho i kontakt med arbeidsmarknadsbedrifta Rosenvik, og ved hjelp av NHO-prosjektet «Ringer i vannet» har ho fått praksisplass ved Scandic Lerkendal i Trondheim.

– Det var vanskeleg på grunn av rullestolen og handikapet mitt. Men så fekk eg kontakt med Rosenvik som skulle hjelpe meg med å kome meg ut i arbeidslivet.

– Eg byrja med ein dag i veka og så to. No har eg auka til tre, så det blir berre fleire og fleire dagar, seier Johansen.

Ho skal vere i praksis hos Scandic Lerkendal til i mai.

– Eg ser lyst på framtida. Det er ikkje sikkert det er jobbmoglegheiter her, men det kan gi meg gode referansar til å søke jobb andre stadar i byen.

Oppmodar fleire til å bli med

Ho etterlyser fleire bedrifter som er villige til å ta inn folk som har hamna utanfor arbeidslivet.

Janne Krohn-Hansen

' Ringer i vannet' handlar om få folk som har hamna utanfor arbeidslivet inn i vanlege jobbar, seier prosjektleiar Janne Krohn- Hansen.

Foto: Julie Haugen Egge / NRK

– Det seier seg sjølv at dersom me skal få fleire av dei som står utanfor i jobb, så må arbeidsgivarane stille opp, seier prosjektleiar Janne Krohn-Hansen.

Ho seier dette er ein måte for bedriftene deira til å skaffe arbeidskraft på ein føreseieleg måte.

– Me prøver å påverke medlemane våre til å vere med gjennom dette prosjektet, men eg skulle gjerne ha hatt med alle bedriftene i dette prosjektet.

Det gjer det lettare for bedriftene å planlegge rekruttering.

– Ein brukar då attføringsbedriftene som ein kostnadsfri moglegheit til å sørge for å få nye medarbeidarar inn i bedrifta, seier Krohn-Hansen.

Fafo-rapport

– Mellom 35 og 40 personar har vorte rekruttert til ei fast stilling gjennom dette prosjektet, held Krohn-Hansen fram.

Det stemmer godt overeins med resultata frå Fafo-rapporten som viser at prosjektet fører til auka rekruttering frå gruppa av personar med nedsett arbeidsevne. I Trøndelag er det til ei kvar tid 900 personar med nedsett arbeidsevne som har kompetanse til å få ein fast jobb.

Hotelldirektør ved Scandic Lerkendal Roger Rønning er svært godt nøgd med å vere ein del av prosjektet.

– Det er ein del meir arbeid og opplæring, men det gir oss svært mykje når me ser kor artig folk tykkjer det er å lære noko nytt og kor glad dei er for meistre noko.

Han meiner fleire bedrifter bør vere med i prosjektet.

– Alle som har moglegheit bør gjere dette, meiner Rønning.