Hopp til innhold

Nervegift funne i drikkeflaskene til ektemannen

Mens tiltalte snakkar med AMK-sentralen, høyrest hjarteskjerande lydar frå mannen hennar i bakgrunnen. Fleire opptak frå lydloggen vart spelte av i Trøndelag tingrett tysdag.

Gift fra denne drikkeflasken

GIFTFUNN: Drikkeflaske som fornærma brukte.

Foto: POLITIET

Kvinna er tiltalt for å ha forsøkt å drepe mannen sin med nervegifta akonitin frå hjelmslekta.

Elleve gonger vart han akuttinnlagd på sjukehuset med hjartesvikt og lammingar.

Den siste gongen vart det funne spor av akonitin i blodprøven og urinen hans. Då varsla sjukehuset politiet.

Fleire giftfunn i huset til tiltalte

Seinare fann politiet fleire spor etter gifta i huset deira.

Aktor viste fram fleire bilete i retten tysdag.

To flasker, ei skål og eit glas, to sprøyter og fleire planterestar.

Alle inneheldt spor av akonitin.

Den fornærma hadde nyresvikt frå før og drakk mykje saft frå flaskene, opplyser bistandsadvokat Vibeke Meland til NRK.

Plante tilhørende hjelmslekt

PLANTERESTAR MED GIFT: I heimen var det funne fleire restar av planter.

Foto: Politiet
Bevis rettssak

DRAKK MYKJE SAFT: Fornærma hadde nyresvikt og drakk mykje av flaskene.

Foto: Politiet
Tørkete planterester, bevis i rettssak

BESLAG: Tørka planterestar.

Foto: Politiet

Naudsamtale: «Får ikkje mykje kontakt med han»

Det var tiltalte som ringde AMK-sentralen alle gongane då mannen vart sjuk. Samtalane vart spelte av i retten tysdag.

Vi høyrer kvinna seie at mannen er dårleg:

«No har han falle bort. Får ikkje så mykje kontakt med han», seier tiltalte.

Innimellom høyrer vi også stemma til mannen, som stadfester at han er vaken.

Kvinna fortel at han har kasta opp og at han ser ut til å svime av.

Bevis i rettssak om nervegift

GIFTFUNN: I skåla og glaset vart det funne restar av plantegifta akonitin.

Foto: POLITIET

På seinare naudsamtaker fortel kona at mannen har vore innlagd for same symtoma før.

Under avspelinga av dei sterke lydopptaka sit fornærma med hovudet i hendene og gret stille. Etter ei stund ber han om å forlate rettsalen til avspelingane er ferdig.

Journalane frå sjukehuset fortel om låg puls og lågt blodtrykk, lammingar, kramper og kraftig oppkast. Anfalla kom ofte etter at mannen hadde ete eller drukke.

Det vart ikkje funne teikn til hjarteflimmer eller infarkt i 2019. Men han fekk operert inn hjartestarter.

«Æ vil bare dø»

Ved seinare innleggingar vart han utgreidd for mellom anna epilepsi.

Tilstanden forverra seg frå februar 2020:

I ein naudsamtale høyrer vi mannen stønne i bakgrunnen mens kona snakkar med AMK.

– Har du vondt, N.N ? (fornamn på fornærma, journ.merknad), spør kona.

– Nei, svarar mannnen.

– Æ vil bare dø.

Ved innleggingane i februar og april 2020 fekk mannen hjartestans og måtte gjenopplivast med straumstøt på sjukehuset.

Ved fleire tilfelle ga tiltalte fornærma hjarte-og lungeredning med rettleiing frå AMK mens ambulansen var på veg.

Seinare i rettssaka skal overlegen som behandla fornærma vitne om korleis dei i mai 2020 fekk mistanke til at det var snakk om forgftning.

Nektar for forgiftning og bedrageri

Tiltalte har heile tida nekta for å ha noko med forgiftinga av mannen å gjere. Dei to er i dag separert. Ho har forklart til politiet at ho meiner det er mannen som kan ha tatt gifta sjølv for å få merksemd frå henne. Dette har mannen avvist.

Ho er også tiltalt for bedrageri ved å bruke bank-id-en til mannen og ta opp fleire lån på nesten 1,2 milionar kroner.

Ho nekta seg skuldig i både drapsforsøk og bedrageri då ho møtte i tingretten tysdag.

Titalte var for nokre år sidan sikta for lekamsskadning av den felles sonen deira. Det var mistanke om at ho hadde forgifta han.

Saka vart lagt bort fordi det ikkje vart funne bevis.

Eksmannen: – Synest vi hadde det så fint

Fornærma hugsar ikkje så mykje av det som skjedde alle gongane han vart sjuk.

Om samlivet med tiltalte før, sa han i retten:

– Eg synest vi hadde det så fint.

Først då han fekk vite av politiet om giftfunna i saftflaskene sine, skjønte han at det kunne vere kona som kunne stå bak.

– Korleis var det? spør aktor.

– Det var tungt, svarar han.

Mannen avviser bestemt at han forgifta seg sjølv.

– Skulle eg tatt livet av meg, finst det mange andre måtar å gjere det på enn å dra det ut over så lang tid, sa han då han vitna i retten tysdag ettermiddag.

Forsvarar John Berg stilte fleire spørsmål om nyresvikt, ryggsmerter og andre plager hos fornærma.

Berg ønskte å få fram korleis helsa var like før forgiftningane kan ha starta i 2019.

Onsdag skal tiltalte foklare seg i retten.