Hopp til innhold

Nektar straffskuld etter å ha slått elg med jekk: – Eg er ingen dyremishandlar

Tiltalte fekk over 700 drapstrugsmål på Facebook etter at han freista å avlive ein elgokse med biljekk.

STERKE BILDER: Denne Snapchat-videoen, som viser en mann som slår en elg i hodet med en biljekk, skal ha blitt sendt rundt til flere personer på Fosen i Trøndelag i fjor.

To menn møtte onsdag i Fosen tingrett etter ei hending på Ørland i fjor vår. Ein elgokse vart slått i hovudet tre gonger med ein biljekk. Episoden vart filma av den andre mannen som er tiltalt for medverknad til dyremishandling.

Trudde elgen var meir skadd enn den var

Mannen som brukte jekken fortalde i Fosen tingrett at han den akuelle kvelden møtte ein kvinneleg sjåfør som trudde ho hadde køyrt på elgen som låg ute på marka. Ho hadde freista å kontakte viltnemd eller politi, men utan hell, i følgje tiltalte. Då fann han ut at han skulle avlive elgen sjølv for å spare den for meir smerter. Bilføraren var då køyrt sin veg.

Tiltalte hugsar samtalen med sjåføren og at elgen la på sprang etter at dyret vart slått. Men slaga med jekken kan ikkje tiltalte hugse. Heller ikkje at medtiltalte var til stades og at han oppmoda og ga råd til kameraten kva han skulle gjere med elgen.

Mannen i 40-åra nektar straffskuld for dyremishandling fordi han trudde han skulle greie å ta livet av den skadde elgen.

Den tiltalte i 40-åra fortalde i retten at han var van med å omgå dyr også gjennom sel-og kvalfangst. Han var opplært til at dersom eit dyr lir, skal det avlivast så humant som mogeleg.

– Men her feilvurderte eg situasjonen. Jekken var ikkje kraftig nok og dessutan var ikkje elgen så skadd som eg trudde.

Jekk som ble brukt som slagvåpen

SLAGVÅPEN: Elgen sprang frå staden etter jekkåtaket. Det viste seg seinare at oksen hadde brote bakfoten før han møtte dei to mennene.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Filma episoden,men nektar straffskuld for medverknad

Den andre tiltalte er ein mann i 30-åra. Det var han som filma videoen som hamna på
Snapchat utan at han i retten kunne forklare korleis.

I motsetnad til kameraten hugsar den medtiltalte derimot korleis dei hamna på marka utanfor Brekstad. Dei to var på veg frå ein fest til ein annan og var ganske rusa.

På filmen høyrer ein medtiltalte mellom anna seie mens han filmar kameraten:

– Bare ta..(uklar tale, red.anm) .. gå rett på den med ein gong. Rett i hovudet på han.

Litt etter ber han tiltalte slå ein elgen gong til.

– Det er ikkje noko artig å sjå videoen, sa tiltalte i Fosen tingrett. Mi rolle er ikkje serleg triveleg. Men eg er ingen dyremishandlar.

– Kvifor filma du, spurte aktor Amund Sand.

– Nei du kan så seie. Vi var veldig rusa begge to og vart vel oppgira av situasjonen.

Medtiltalte forklarte latteren på filmen med at dei to var i godt humør den kvelden. Han avviste at episoden med elgen var noko dei to planla. Då dei innsåg at elgen ikkje kunne avlivast med jekken, avbraut dei og drog derifrå.

Begge dei tiltalte fortalde i retten om store rusproblem gjennom fleire år. Forsvarane meiner begge tiltalte skal frifinnast fordi dei ikkje meinte å plage elgen,men å avlive den.

Påstått bilførar ikkje funnen

Statsadvokaten har tiltalt dei to etter paragraf 37 i Dyrevelferdslova for å ha avliva dyr på ein måte som ikkje er forsvarleg.

Aktor, politiadvokat Amund Sand, sa i Fosen tingrett at storfe og storvilt som blir funne skadde, vanlegvis ikkje skal avlivast av den som finn dyret. I staden har finnaren plikt til å varsle politi eller viltnemd.

– Om ein likevel finn ut at ein skal avlive dyret, skal det skje på ein forsvarleg måte som ikkje plagar dyret unødig. Det skjedde ikkje i dette tilfellet, sa aktor. Han la ned påstand om 120 dagar i fengsel for tiltalte som brukte jekken og 60 dagar for han som filma og kom med "råd" til kameraten .

Viltnemda på Ørland måtte rykke ut dagen etter og avlive elgen.

Politiet som har undersøkt filmen nøye, meiner det var ein tredje person til stades under episoden. Det avviste den eine tiltalte i Fosen tingrett onsdag. Mens den andre tiltalte verken visste at han vart filma eller hugsa at kameraten var til stades. Jekken, som i følgje tiltalte, tilhøyrde bilføraren dei møtte, vart funnen av politiet på marka.

Politiet har derimot ikkje greidd å finne den påståtte bilføraren som var redd ho hadde køyrt på elgen. Det finst heller ikkje bevis for at møtet med dei tiltalte fann stad, opplyser aktor Amund Sand til NRK.