Hopp til innhold

Nekta for å ha brukt mobil under køyring. Skulda på kviser i andletet

Politiet meiner sjåføren snakka i mobiltelefon mens han køyrde. – Det dei såg var ein korthaldar av metall som blei halden mot kinnet, forklarte tiltalte.

Illustrasjonsbilde: Politiet meiner sjåføren køyrde bil samtidig som han snakka i telefonen. Tiltalte sjølv seier han heldt ei kortmappe til kinnet for å lege smertefulle kviser.

NEKTA: Politiet meiner sjåføren køyrde bil samtidig som han snakka i telefonen. Tiltalte sjølv seier han heldt ei kortmappe til kinnet for å lege smertefulle kviser. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Kari Anne Breivik Eldnes / NRK

Sjåføren i trettiåra ville ikkje betale bota han fekk av politiet på 1700 kroner.

Sidan mannen nekta, enda saka nyleg i Sør-Trøndelag tingrett.

Smertefulle kviser på kinnet

Tiltalte vedgjekk at han snakka i mobiltelefon då politiet stansa han i Trondheim sentrum i mars. Men han sa at han brukte handfri mobil.

I retten forklarte tiltalte at det han heldt opp mot høgre øyre var ein korthaldar av metall. Det gjorde han for å kjøle ned smertefulle kviser på kinnet.

Politibetjenten som vitna i retten sa at kviseproblemet ikkje var noko tiltalte nemnde då han vart stansa. Dessutan meinte betjenten at mobilen vart halden mot venstre øyre og ikkje høgre øyre, slik tiltalte forklarte.

Kviser eller akne kan vere smertefullt om ein er veldig plaga.

Sjåføren meiner han heldt ei kortmappe av metall mot kinnet for å lege smertefulle kviser. Politiet meiner han snakka i mobiltelefonen.

LEGA KVISER: Sjåføren meiner han heldt ei kortmappe av metall til kinnet for å lege smertefulle kviser. Politiet meiner han snakka i mobiltelefonen.

Foto: ILLUSTRASJON

«Oppkonstruert forklaring» meiner retten

Sør-Trøndelag tingrett meiner forklaringa til tiltalte verka «oppkonstruert» og samsvarer dårleg med det politiet såg på staden.

Retten registrerer også at tiltalte ikkje nemnde noko om korthaldaren då han vart stoppa.

Køyringa skjedde i ei trafikkert gate i Trondheim sentrum på dagtid noko som inneber ein betydeleg trafikkrisiko, meiner retten.

Dersom mannen hadde tilstått ville han fått rabatt på bota. I retten auka den til 2000 kroner eller fire dagar i fengsel.

I tillegg må han betale sakskostnader på inntil 3000 kroner. Mobilbruken kosta dermed tiltalte 5000 kroner. Det kan også bli resultatet for alle som brukar mobil ulovleg i bilen.

Politiet meiner sjåføren snakka i mobiltelefon mens han køyrde i dette området i Trondheim sentrum.

TRAFIKKERT GATE: Tiltalte vart oppdaga av politiet i denne rundkøyringa. Han vart stansa omlag 500 meter lenger borte.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Regjeringa vil ha høgare bot

I fjor vart det skrive ut 16.325 forenkla førelegg for ulovleg mobilbruk under køyring i Norge. Det kjem fram i eit forslag frå Samferdselsdepartementet som vil auke storleiken på bota.

Høyringsfristen gjekk ut 16. november.

Departementet meiner større bøter vil gje meir effekt og få sjåførane til å konsentrere seg om køyring i staden for tasting.

I rettssaka i Trondheim stod bilen ikkje i ro. I to andre saker kom retten først fram til at dersom bilen står i ro, kan ein bruke mobilen.

Dette er Trygg trafikk er usamd i.

Seinare har Høgsterett slått fast at det er brot på vegtrafikklova å bruke mobil når bilen står stille i kort tid. Eit unntak kan vere kø i samband med ei større trafikkulukke, meiner Høgsterett.