Bygningsrådet drøfta tirsdag Lidl sine tomteønskje i Trondheim. Rådmann Inge Noreide seier nei til at Lidl får etablere seg på tomtene dei hadde ønskje om. Trondheim kommune meiner Lidl sine bygningar krev for stor plass, og passer difor ikkje inn i byen.
Lidl fekk ikkje etablere seg der dei ville i Trondheim.
Fire tomter
Lidl hadde ønskje om å byggje på fire tomter som så godt som alle er regulert til andre formål.
På Flatåsen ville dei ha ei tomt som er regulert til friområde, på Tiller ein tomt regulert til kyrkjeformål. På Lade var det snakk om ei tomt som kommunen vurderer å setje av til barnehageutbygging, mens den siste tomta låg på Havstein på Byåsen.
Uvisst om Lidl søkjer på nytt
Rådmannen sa tirsdag formiddag nei til alle stadane og fleirtalet i formannskapet støtta denne innstillinga. Det var berre den uavhengige representanten Svein Otto Nilsen som opna for at Lidl kunne starte opp på Lade.
Lidl var representert på møtet, men dei ville ikkje kommentere kva utfallet av bygningsrådet betyr for den tyske lågpriskjeda. Dei ville heller ikkje svare på om dei kjem til å søkje på nytt i Trondheim.