Hopp til innhold

Namsos kommune inngår forlik med etterlatne til vernepleiar som tok livet sitt

Namsos kommune har inngått forlik med dei etterlatne etter at vernepleiar Camilla Buknotten (36) tok livet sitt. Dei etterlatne har hatt utgifter på ein million kroner i sakskostnader og advokatsalær.

Camilla Buknotten

TO SØSTRER: Vernepleiaren og tobarnsmora Camilla (t.v.) tok sitt eige liv mens ho var skulda for vald på jobben. Søstera Kaisa er også vernepleiar.

Foto: Privat

Dei etterlatne anka i desember domen frå Namdal tingrett.

Måndag møttest partane til rettsmekling i Trondheim for å finne ei løysing i staden for ein ny runde i Frostating lagmannsrett.

Vart skulda for vald mot brukarar

NRK fortalde i vinter historia om vernepleiaren i Namsos som vart skulda for vald.

Det var to kolleger som varsla kommunen og Camilla Buknotten vart suspendert frå jobben. Ho nekta for skuldingane og meinte suspensjonen var ei gjengjelding. Buknotten var ein av fleire tilsette som året før hadde varsla om dårlegare forhold for autistane ho pleia.

Namsos kommune meinte sjølvmordet ikkje hadde noko med jobben hennar å gjere.

Familien til Buknotten var usamd og meinte kommunen braut Arbeidsmiljølova om forbod mot gjengjelding i varslingssaker.

Buknotten tok livet sitt same dagen ho var i møte med kommunen der ho skjønte at ho kunne bli oppsagd.

Hemmeleg forlik

Ein uavhengig granskingsrapport i 2017 sådde tvil om Namsos kommune ville ha nådd fram i ei arbeidsrettsak om oppseiinga av Buknotten.

Måndag inngjekk familien og Namsos kommune forlik etter rettsmekling i Trondheim tinghus. På møtet deltok representantar frå kommunen, etterlatne og advokaten deira.

Partane har vorte samde om å halde forliket hemmeleg og ikkje gje kommentarar utover det som står i pressemeldinga:

«Det er 24.juni 2019 inngått avtale i saken mellom Camilla Buknotten ved de etterlatte og Namsos kommune. Begge parter et tilfreds med avtalens innhold. Det er enighet om at det ikke vil bli gitt ytterligere kommentarer til saken fra noen av partene.»

Dei etterlatne har betalt nesten ein million kroner i sakskostnader og advokatsalær.

Camille Buknotten døydde 26.november 2015.