60 år gamle Asklund var ein lensmann med eit uvanleg vidt interessefelt. Frå sitt arbeid i politiet, søkte han seg etter år 2000 ei tid til leiarjobb på Revyfagleg senter i Overhalla og var revygeneral på revyfestivalen.
Han var politisk aktiv i lokalpolitikken og kulturelt interessert også i dei åra han arbeidde i politiet. Han vart lensmann i Namdalseid i 2007, og satt i den stillinga da han vart sjuk for ikkje lenge sidan.
– Asklund var engasjert, og ville det beste for alle innbyggarane han var lensmann for, seier visepolitimester i Trøndelag politidistrikt, Sigbjørn Bjerkem til Trønder-Avisa.
Asklund var frå Stod i Steinkjer.