NRK Meny
Normal

Nabo oppdaga brann i Namsos

Ein tomannsbustad er totalskadd etter ein brann i Namsos i går kveld.

Brann Namsos

Det begynte å brenne like før klokka 2330 i tomannsbustaden i Namsos.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Bustaden ligg i Jarle Hildrumsveg i Namsos.

– Ingen blei skadd i brannen, som blei oppdaga og varsla av ein nabo, opplyser politiet til NRK.

Politiet fekk melding om brannen like før klokka 2330 torsdag kveld.

Brannårsaka er enno ikkje kjent, men ifølge patruljar på brannstaden kan den skuldast ein gløymt kasserolle på ovnen.

Video fra Trøndelag

Blå himmel og fine forhold- vinterferien er i gang i Trøndelag.
På samenes festdag må den fineste stasen på. Ella (6) og lillebror Jovna gjør seg klar for feiring.
Et rådyr forvillet seg inn på flyplassen på Røros og måtte reddes ut av ansatte på lufthavna.