Hopp til innhold

Slektsmysteriet på kyrkjegarden er oppklart

LEVANGER (NRK): Over 200.000 har lest om den mystiske boksen i det gamle eiketreet. Ein pensjonert sokneprest visste at ein amerikanar hadde lagt igjen noko på kyrkjegarden, men fann det ikkje.

Alstadhaug kirke, Levanger, dronebilde

OPPKLART MYSTERIUM: Det var i eit gammalt eiketre på denne kyrkjegarden i Levanger «tidskapselen» frå ein amerikanar vart funnen.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Tidlegare denne veka fortalde NRK om det uvanlege funnet til kyrkjegardsarbeidarane ved Alstadhaug kirke i Levanger. Då dei skulle felle eit gammalt tre på kyrkjegarden, fann dei ein mystisk boks med eit brev på engelsk, smykke, ringar, klokker og fotografi frå Amerika.

Fleire engasjerte seg i å finne svar på dette slektsmysteriet. Journalist Svein Helge Falstad i avisa iLevanger sa til NRK at han såg enden på historia, men mangla nokre detaljar. No har han funne svaret på gåta.

Tilbake til ein sommardag i 2018

«Tidskapselen» i treet var ikkje så gammal som kyrkjearbeidarane først trudde. Den var merka med årstalet «2018» – og det stemmer.

Vi må tilbake til 31. juli 2018. Ein dato som Oddvar Dahl hugsar godt. Han er pensjonert sokneprest i Skogn.

– Fleire personar kom inn i kyrkja til meg, og ville både fortelje og spørje litt. Dei fortalde at det var noko dei gjerne ville legge igjen her. Eg fekk vite at ein sylinderforma «tidskapsel» hadde blitt plassert i eit tre.

– Eg gjekk nokre turar her og leitte. Eg synest dette var litt interessant, men eg fann aldri ut av det – før no, legg han til.

Ole Ronny Jørstad og Oddvar Dahl utanfor kyrkja

VED KYRKJA: Kyrkjearbeidar Ole Ronny Jørstad fann «tidskapselen» saman med ein kollega. Den pensjonerte soknepresten Oddvar Dahl leitte i fleire dagar etter boksen frå Amerika – utan hell.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Tilfeldig at «tidskapselen» hamna i treet

Det var amerikanske Helen O'Brien som la «tidskapselen» i treet under sitt besøk i Noreg sommaren 2018. Ho bur i Chicago, men var på cruise i Europa. Cruiseskipet kom innom Trondheim.

Det er den norske tremenningen hennar i Levanger, Bjørn Storaune, som fortel historia. Mor hans, Alfhild Storaune på 92 år, var sjølv med på kyrkjegarden denne sommardagen.

– Helen hadde eit ynskje om å ta med seg noko til slekta i Noreg. Ho tenkte å legge boksen i kyrkja, men hadde det litt travelt, seier han.

Amerikanaren ville besøke slektningane sin gravplass i Levanger då ho først var i Noreg. Søskenbarnet til Storaune, Joar Skårsmoen frå Trondheim, gav henne skyss.

– Ho ville sjå staden der besteforeldra hennar kom frå i Trøndelag. Ho hadde med seg nokre gjenstandar frå mora og besteforeldra som ho ville plassere tilbake i Noreg.

Smykker

GÅVE FRÅ AMERIKA: I boksen frå Helen O'Brien låg det smykke, ringar, klokker, fotografi og eit brev. Ho ville at desse gjenstandane skulle tilbake til slekta i Noreg.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Kvifor hamna desse gjenstandane i eit tre, då?

– Det var ein rein tilfeldigheit. Vi fann ingen betre plass. Treet stod rett bak grava til vår felles familie, forklarar han.

Skårsmoen synest det var komisk at treet med «tidskapselen» i rotna.

– Hadde det vore eit friskt tre, hadde vel dette framleis vore eit mysterium, seier han lattermild.

Fann fasit ved hjelp av familiefoto

Ein som raskt kom på bana med fasit på mysteriet, var historikar Arne Langås i Åsen.

– Eg fatta interesse for saka umiddelbart fordi eg er kronisk nysgjerrig. Så enkelt er det, sa historikaren til iLevanger.

Langås jobbar til vanleg som konservator ved Falstadsenteret. Han såg raskt ein link til Åsen, og dermed var det ikkje så vanskeleg for han å nøste opp i dette, sa han til avisa.

Eit familiefoto frå USA vart ein god leietråd for Langås. Biletet viser Karen og John Olaf som opphavleg kom frå bygda Skogn i Levanger. Dei er besteforeldra til Helen O'Brien. Åsen Museum og Historielag har meir informasjon om biletet.

Karen Bakke Mathisen og Olaf Mathisen med familie

FAMILIEFOTO: Karen og John Olaf Mathisen med familie i Iowa, USA. Dei var begge opphavleg frå Skogn; Karen Marie Johannesdatter Moldbakken (f. 1878) og John Olaf Martinsen Kjesbuvald (f. 1877). Biletet er tatt i Sioux City, Iowa, truleg i 1904.

Foto: Johnson, Sioux City / Åsen Museum og Historielag

Det vart vanskeleg for Helen å spore opp slektningane på gravplassen i Levanger sommaren 2018. Det har ei god forklaring.

Mellom anna har namnet «Karen Bakke» skapt forvirring, sidan ho eigentleg heitte Moldbakken, og seinare Mathisen. To av slektningane som emigrerte til USA bytta dessutan namn frå «Kvam» til «Mathisen».

Broren i USA oppdaga saka først

Det var Storaune sin bror i USA som varsla han om slektsmysteriet.

– Vi sat i skogen og kosa oss med bål laurdag kveld. Så ringde broren min, Erling, som bur i Texas i USA. Han hadde sett saka i lokalavisa, og kjende igjen folka som var på bileta, fortel han.

Erling flytta til USA i 1991, og har hatt sporadisk kontakt med tremenningen Helen, som la igjen «tidskapselen» i Trøndelag.

– Det var litt spesielt. Dette med «tidskapsel» er jo ikkje noko vanleg skikk i Noreg, seier Storaune.

Han synest det er rart at boksen ikkje fekk ligge lenger i treet.

– Den var sikkert dårleg skjult. Men den kunne nok blitt liggande litt til, om ikkje kyrkjearbeidarane tilfeldigvis skulle felle det gamle treet, påpeikar han.

Alstadhaug kirke, Levanger

KYRKJEGARDEN: Ved Alstadhaug kirke i Levanger fann to kyrkjearbeidarar «tidskapselen» då dei skulle felle eit gammalt eiketre på kyrkjegarden.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Storaune er overraska over det enorme engasjementet rundt slektsgåta. 5000 har lest saka i iLevanger, ei nystarta avis med totalt 1600 abonnentar. Trønder-Avisa la også ut saka deira, og der fekk den 8500 lesarar. På NRK har over 200.000 lest om det mystiske funnet.

– Såpass? Det er artig. Då forstår eg kvifor det skapte så stort engasjement. Vi blei veldig ivrige på slektsforsking no, seier han.

No er det Storaune som har «tidskapselen» med brevet, smykka og bileta heime hos seg.

– Eg har tatt vare på den inntil vidare. Så får vi sjå kva som skjer.

Helen O'Brien er informert om at NRK skriv saka, men ho ynskjer ikkje å uttale seg.