Hopp til innhold

Svært skeptisk til grenseopning på grunn av mykje smitte i Sverige

Dei siste to vekene er nesten like mange smitta i dei svenske grenseområda til Trøndelag som i heile Noreg. Det ser dermed mørkt ut for ei full grenseopning 15. juni.

Svenskegrensa

BLIR KONTROLLERT: Det er betydeleg meir koronasmitte i Sverige enn i Noreg og framleis kontrollerer politiet alle som vil over grensa.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

På den trønderske sida av grensa registrerer dei no i snitt ein smitta per dag. På svensk side er talet over 13.

– Det er ingen tvil om at smitten er betydeleg større på andre sida av grensa enn den er her, og det kan jo gjere ein skeptisk til ei opning, seier fylkeslege Jan Vaage i Trøndelag.

Jan Vaage, fylkeslege

SKEPTISK: Lite smitte i Trøndelag og mykje i Jämtland og Härjedalen gjer at fylkeslege Jan Vaage er skeptisk til ei opning av grensa 15. juni.

Foto: Kari Anne Breivik Eldnes / NRK

Han viser til at det ikkje har vore nokon tydeleg nedgang i koronasmitte i Sverige i det siste. Fylkeslegen er difor veldig usikker på om det blir ei opning mot Sverige 15. juni.

Denne datoen skal regjeringa vurdere om grensa mot dei nordiske landa skal opnast. Då kan i så fall nordmenn reise over grensa og tilbake utan å måtte sitje ti dagar i karantene.

Torsdag kunngjorde regjeringa at dei vil tillate jobbreiser i heile Norden utan karantene etterpå.

Dramatiske konsekvensar

– Jämtland og Härjedalen er i forhold til befolkningsstorleiken faktisk eit av dei hardast ramma områda i Sverige, seier fylkeslege Vaage.

Konsekvensane av framleis stengde grenser kan bli dramatiske for mange av dei svenske verksemdene på Storlien og i Åre. Berre på Storlien står grensehandelen for ei årleg omsetning på ein milliard kroner. Men no er parkeringsplassane tomme og butikkar og kafear stengde.

Restauranten Le ski har halde ope nesten kvar dag heilt sidan 1882. Men 16. mai stengde dei dørene.

Tomme parkeringsplasser

STENGDE BUTIKKAR: På Storlien er parkeringsplassane tomme og butikkar og restaurantar stengde.

Foto: SVT

Har mista 90 prosent av omsetninga

– Det er bittert, men det finst ingen gjester her. Held dette fram til august/september blir det tøft, seier eigar Ronny Juhlin.

Nokre mil lengre aust ligg Åre Bageri der halvparten av kundane til vanleg er norske. No er 90 prosent av omsetninga borte.

– Økonomien vår er veldig anstrengt og vi er redd vi kan komme til å måtte slutte.

Det seier eigar Greger Eriksson. Han har drive bakeriet i Åre i 36 år og seier det er livsverket hans det handlar om.

– Dei norske gjestene betyr «jättemycket» både for verksemda vår og for alle andre som har næringsverksemd i Åre. Vi saknar dei, seier Eriksson.

Greger Eriksson

BITTERT: Det er bittert, men det finst ingen gjester her. Held fram dette til august/september blir det tøft, seier eigar av Åre Bageri, Ronny Juhlin.

Foto: SVT

Salet til himmels

Kontrasten er stor til matbutikkane på norsk side. Dei har opplevd auka sal etter stenginga. Ved Coop Extra i Meråker gjekk salet av typiske svenskvarer som brus, tobakk og godteri rett til himmels då grensene vart stengde.

Folk som tidlegare køyrde i 20 minutt og fylte handlekurva på butikkane i Storlien handlar no lokalt på butikken til butikksjef Erling Ervik.

– Det har tatt av heilt. På drikke har vi hatt ein omsetningsauke på 150 prosent og på tobakk har omsetninga auka med over 200 prosent, seier Ervik til NRK.

Erling Ervik

KRAFTIG OMSETNINGSAUKE: Butikksjef Erling Ervik i Meråker seier salet av tobakk har auka med over 200 prosent.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Ønskjer grenseopning

Årsaka til aukinga er enkel. Folk vil ikkje sitje ti dagar i karantene etter svensketuren, og handlar difor alt i Meråker. På butikken møter vi Marthe Langsåvold som til vanleg handlar både tobakk og andre varer i Sverige.

– Eg har ikkje høve til nokon karantene. Difor må eg handle her – dessverre. No håper eg dei opnar grensa snart. Det er ikkje berre røykar og snus som er billegare i Sverige. Det er òg varer som mjølk og fløyte, seier Langsåvold.

Grenseopninga var tema på pressekonferansen til regjeringa 15. mai. Då sa statsminister Erna Solberg at dei arbeider for ei felles nordisk opning der alle fem land kan opnast samtidig, men at dei vil sjå nærare på det når det nærmar seg.