NRK Meny
Normal

Mykje fyll og bråk i helga

Trondheim var prega av uvanleg mykje blind vald og fyll i helga.

Fylla i Trondheim

Illustrasjonsfoto.

Foto: NRK

Knekte naser, møljeslagsmål og mange i arresten var nokre av resultata av helgefylla. I alt skreiv politiet ut bøter for over 90 000 kroner.

- Det har vore ei veldig aktiv helg for politiet med mykje fyll og bråk. Fleire har fått bøter og blitt meldt til politiet. Eg vil seie at dette er ei av dei mest arbeidssame helgene for oss, seier vaktleiar på krimvakta i Trondheim, Berit Wibe Hilmarsen, til NRK Trøndelag.  

Vald på bussen

Dei to siste helgene har vore relativt rolege for politiet, men denne helga slo valden ut for fullt.

Mellom anna banka ein ungdomsgjeng opp ein tilfeldig på bussen mellom Trondheim og Orkdal.Og to tilfeldige, i ein pølsekø på ein bensinstasjon på Heimdal, blei overfalt og banka av fem unge menn.

Høge bøter

Politiet har ikkje noko forklaring på kvifor det kom ei voldsbølge denne helga. Men dei slår fast er at dette truleg ei av helgene med høgaste samla bøtesum.

Den aller høgaste bota var på 15 000 kroner og blei gitt til ei hissig dame som kasta kebab i fjeset på to menn, som ho også slo til.

- Det er lenge sidan eg har sett ein så høg bøtesum. Dette har samanheng med at politiet har skjerpa bøtenivået, spesielt med tanke på ordensuro i rusa tilstand. Vi gav ut tretten slike bøter i helga, seier Hilmarsen.

Video fra Trøndelag

Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal
Femte året med spel i år