NRK Meny
Normal

Muslimane vil ha eigen gravplass

Muslimane i Trondheim vil ha eigen gravplass. I dag er det mange som sender sine døde tilbake til heimlandet.

 

Kirkegård
Foto: Rainer Prang / NRK

Berre i Trondheim bur det i dag omlag 2000 muslimar. Deira mulegheit for lokal gravplass i dag, er først og framst på den internasjonale kyrkjegarden på Moholt.

Saleh Zomlot er leiar for Islamsk samfunn i Trøndelag, og trur at mange ønsker seg ei muslimsk gravlund for å få gjennomføre sine eigne seremoniar, og for å samle sine på èin plass.

Sender dei døde til heimlandet 

- Det er mange som vil ha ei eiga muslimsk gravlund. Så lenge det ikke fins, blir dei døde sendt til heimlandet. Det er langt, og det er dyrt. I det heile: ikkje bra, seier Saleh Zomlot.

Kyrkjeverjen i Trondheim, Kjell Inge Nordgård, har fått søknaden frå muslimane i byen, og er slett ikkje negativ til utspelet.

- Fint med initiativ

- Eg syns det er fint at dei har tatt dette initiativet. Det er tydeleg at muslimane har behov og interesse for å ta vare på sine eigne gravskikkar, seier Nordgård.

Han vil ikkje seie noko om kor sannsynleg det er at muslimane får ønsket sitt oppfylt.

- Men det er fint at vi kjem i dialog. Utvideing og fornying av gravplassar i Trondheim er ein kontinuerleg prosess, og vi er i dialog med ulike trussamfunn. No òg det muslimske samfunnet, seier Kjell Inge Nordgård, som er kyrkjeverje i Trondheim.

Lyd: Muslimer vil ha eigen gravplass

Video fra Trøndelag

Lørdagens forestilling ved Kystens arv regnet nesten bort
Foto: Tom Modell Alte
Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal