NRK Meny
Normal

Møtte statssekretær i Birkeland-saka

I opposisjon var Frp svært kritiske til korleis norske styresmaktar behandla saka til Arvid Birkeland i Brasil, men no som partiet styrer Justisdepartementet vil dei ikkje love å gjere noko for den straffedømte.

Arvid Birkeland

Arvid Birkeland.

Foto: TERJE SVAAN / Adresseavisen

Sju år etter at Arvid Birkeland vart arrestert i Brasil, ventar han framleis på at Økokrim skal halde det dei lova: Å omsette norske dokument, som han meiner vil reinvaske han, til portugisisk. Og at domen mot han blir omsett til norsk.

Birkeland er dømt til ni og eit halvt års fengsel.

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Vidar Brein-Karlsen (FrP)

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp).

Foto: Justis- og beredskapsdepartementet
Snorre Vikdal

Snorre Vikdal er tidligare nestleiar i Trondheim Venstre. Han er ein av støttespelarane til Birkeland.

Måndag tok statssekretær i Justisdepartementet Vidar Brein-Karlsen,(Frp) i mot ein av støttespelarane til Birkeland, Snorre Vikdal frå Trondheim.

Brein-Karlsen var justispolitisk rådgjevar for stortingsgruppe til Frp frå 2008 og inntil regjeringsskiftet i fjor. Han var også med partikollega Per Sandberg då han besøkte Birkeland i Brasil i 2010.

På møtet i dag bad Vikdal om at Noreg syter for å få omsett den brasilianske domen på 230 sider til norsk. Då vil ein få dokumentert at Birkeland er dømt fordi norsk politi ikkje gav korrekte opplysningar om Birkelands økonomi tidleg på 2000-talet, seier Vikdal.

– Departementet kunne ikkje love det, men vil gje eit svar innan 14 dagar, seier Vikdal til NRK Trøndelag etter møtet.

Vikdal, som er tidligare nestleiar i Trondheim Venstre, har på fritida jobba med saka til venen Birkeland, og meiner Noreg også har ansvar for å få rette opplysningar på formelt korrekt måte fram til Brasil.

Departementet meiner det må vere den brasilianske advokaten til Birkeland som formelt ber Brasil sende ein ny førespurnad til norske Økokrim om Birkelands inntekt og formue.

– Det kjem vi sjølvsagt til å gjere, men vi har diverre lita tru på at det vil føre fram i Brasil, seier Vikdal.

Det vart prøvd i 2011, men avvist av brasiliansk rett.

Økokrim lova å omsette for sju år sidan

I august 2007 skriv ein spesialetterforskar i Økokrim i e-post til Birkelands norske advokat : «Rapporten inkludert vedlegg skal sendast til omsetting til portugisisk før den sendast til Brasil».

Rapporten på nærare seksti sider var mellom anna dokumentasjon på at Birkelands formue var ført ut av Noreg på lovleg vis og brukt til å kjøpe leilegheit og ein restaurant i Natal tidleg på 2000-talet. I oktober 2007 vitna også to Økokrimetterforskarar i Brasil om at den endelege rapporten var korrekt og at Birkeland hadde pengar til å investere.

Både Birkeland og hans norske advokat rekna då med at tiltalen mot han skulle fråfallast. Men slik gjekk det ikkje.

For berre delar av den nye rapporten vart omsett til portugisisk, slik Brasil krev.

Og ifølgje Birkelands brasilianske advokat Guilherme Doval er den heller ikkje tatt inn i saka hans som gjeld kvitvasking av pengar.

– Dersom norske styresmakter stadfester at Birkelands norske inntekt og formue frå 2001 til 2006 var lovleg, har vi gode sjansar til å vinne saka, seier Doval.

Etterlyser kor pengane kom frå

Økokrim meiner dei har gjort det dei skal, og at Birkeland er dømt på bakgrunn av etterforsking i Brasil, og ikkje fordi Økokrim oversåg formuen hans på eit tidlegare stadium.

Men i domen etterspør domaren i Brasil fleire gonger om Birkeland hadde pengar til å investere.

«Har etterforskningen i utlandet dokumentert at disse var lovleg innført og er av lovleg opphav?»

Og ein annan stad i domen:

«Det er ikkje registrert på tiltales namn Arvid nokon overføring frå utlandet til Brasil som kunne støtte hans formue».

NRK Trøndelag har fleire gonger spurt Økokrim kva ansvar dei har for at rette opplysningar om Birkelands økonomi skal kome fram til brasiliansk rett. Men Økokrim står fast ved at dette er ei brasiliansk straffesak der Noreg berre har hjelpt til med å skaffe opplysingar.

I eit intervju med NRK Trøndelag i 2009 gjekk likevel førstestatsadvokat Geir Kavlie langt i å antyde at Birkelands formue ikkje var opptent gjennom kriminell aktivitet. Likevel vil Kavlie ikkje skrive under på det han sa i intervjuet, noko advokat Doval meiner kunne fått avslutta saka i Brasil.

Misnøgd med NRKs framstilling

Økokrim har dei siste par åra uttrykt misnøye med dekninga til NRK i denne saka.

Avdelingsdirektør Aage Aase og førstestatsadvokat Geir Kavlie meiner NRK har eit «fastlåst» syn på at Birkeland er dømt på bakgrunn av mangelfull informasjon frå Økokrim. I ein epost til NRK skriv Aase 25. mars 2014:

«Ønsker NRK Trøndelag å gi saka ytterlegare medieomtale, oppfordrar vi til at man setter seg grundig inn i domspremissane i saka.»

Når NRK viser til premissar i domen om at Birkeland er dømt nettopp fordi domaren ikkje finn dokumentasjon på lovleg formue, viser Økokrim igjen til at dette er ei brasiliansk straffesak.

Heller ikkje Riksadvokaten ser grunn til å gå vidare med saka, så lenge det ikkje kan dokumenterast at domen byggjer på feil informasjon frå norske styresmakter.

Stort politisk engasjement

Fleire representantar for dei to regjeringspartia Høgre og Frp, forutan Venstre og SV, har i årevis kravd at Noreg syter for at dei korrekte opplysningane kjem fram til Brasil.

Men lite har skjedd. Etter Regjeringsskiftet i fjor haust, har det etter det NRK erfarer, vore kontaktar på fleire nivå både i Stortinget og i Regjeringa for å få klarlagt kva meir Noreg kan gjere.

Etter engasjementet i opposisjon, legg ikkje Vikdal skjul på at han er litt skuffa etter møtet i Justisdepartementet.

– Men vi gir ikkje opp, for dette handlar om rettstryggleiken for ein norsk statsborgar i eit korrupt land, seier Vikdal.

Å få omsett domen frå portugisisk til norsk er altså eitt av krava som støttespelarane til Arvid Birkeland i Noreg no håper Justisdepartementet vil ordne opp i.

Det vil koste om lag 200.000 kroner, pengar som ein arbeidslaus Arvid Birkeland i Brasil ikkje har.

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen seier til NRK at dersom det ikkje lukkast å nå fram via formelle kanalar til Brasil, så må Noreg sjå om det finnes ei diplomatisk løysning.

Video fra Trøndelag

Det er julebordstid, og uhell kan skje, skal vi tro tannlegene...
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.