Moroa igang på Høylandet

Startskotet for den trettande revyfestivalen på Høylandet gjekk torsdag klokka 1300.

Norsk revyfestival på Høylandet
Foto: Mette Moslet Kjesbu / NRK

Festivalen er igang - blant annet med et opptog:

Video nsps_upload_2009_7_9_15_42_11_484.jpg

På festivalcampen finn vi Staut teaterlag. Dei har brygga eige øl i høve revyfestivalen.

– Revyfestivalen er berre annankvart år, så vi må jo gjere noko det året det ikkje er festival, så då bryggar vi øl, seier Svein Haagensen til NRK Trøndelag.

Eigen omn

Utanfor bussen har gjengen frå Statland og Utvola rigga seg til med langbord, benkar og ein omn.

– Vi har alltid med oss omnen, for det er ikkje lov å bruke open eld på campingplassane. Vi brukar omnen til å tørke koppar på, for det er så greit, ler Haagensen.

Fokus på ungdom

Revyfestivalen på Høylandet prøver å fornye seg for kvart år. Dette året er det ungdomen som blir satsa ekstra på.

– Vi har ei eiga framsyning for ungdomar. I tillegg har vi mykje ungdomar med i gjengane som støttar med sin kompetanse og visjonar for festivalen, seier Lorents Mørkved Romstad som er styreleiar i Norsk Revyfestival.

Som ny styreleiar har han høge tankar om årets festival.

– Eg ventar mange publikummarar og høg kvalitet på det som blir framført på scenen, seier Romstad.

Mange innslag

I alt 280 revyinnslag blei påmeldt, av dei er hundre plukka ut til å bli framøfrt på scenen.

– På laurdag skal vi stå igjen med 20 finalistar, så det blir veldig spennande, seier Romstad.

Trøndarar står bak 69 av dei 100 innslaga, mens 31 er representert frå andre stadar i landet.

– Vi er eit NM i revy og ønskjer oss innslag frå heile landet, så vi er kjempenøgde med at vi ha ein ganske høg prosent av utlendingar, viss vi kan seie det slik, ler Romstad.

Video fra Trøndelag

Rekordmye regn førte til store problemer i hele Trøndelag. Ras stengte blant annet E14 mellom Stjørdal og Storlien , og i Selbu ble mer enn 400 personer isolert da veien ble sperret av skred.
Store nedbørsmengder har gitt stengte veger og togavsporing
1500 besøkende i helgen