Hopp til innhold

Mor til avdøde i retten: – Tiltalte vart kolsvart i augo

Mor til avdøde Råger Holte (38) skjønte aldri kvifor sonen hang så mykje i hop med mannen som står tiltalt for å ha drepe sonen hennar på Ler i januar. Ho oppfatta at tiltalte «ikkje hadde kjensler for noko», sa ho då ho vitna i Sør-Trøndelag tingrett tysdag.

Rettssal 206 i Trondheim tinghus, Frostatingssalen, der en overgrepssaken med en tiltalt pastor går

Mora til avdøde Råger Holte fortalde i retten om eit nært forhold mellom henne og avdøde. – Råger var den store kjærleiken i livet mitt.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

Mor til avdøde kjende ikkje tiltalte før han brått dukka opp i livet til sonen hennar for eit par år sidan. Tiltalte vart ein hyppig gjest heime hos henne og sonen på Lundamo. På spørsmål frå aktor om mora hugsar at sonen og tiltalte nokon gong slost, fortel ho om ein episode på verandaen hennar i andre etasje.

Ho oppfatta det slik at sonen hennar kom borti tiltalte. Dette reagerte han kraftig på.

– Han (tiltalte red.am.) vart kolsvart i augo, løfta Råger og freista å kaste han utfor rekkeverket på verandaen min, sa mora.

Ho la ikkje skjul på at sonen hennar også «kunne tenne som ei fyrstikk på ti sekund», men at det gjekk fort over.

Tiltalte har tidlegare stadfesta i politiavhøyr at han og avdøde «leikesloss» i det tiltalte kallar «vikingkampar», men at Holte var «heilt i live» då han forlèt han tysdag morgon 24. januar.

LES: Ville gå frå avhøyret da han fekk spørsmål om flagget som låg over drepne Råger Holte

LES: Dette er det siste bildet av Råger Holte i live

Det siste bildet av drapsofferet Råger Holte

Dette er det siste bilete av drapsofferet Råger Holte. Det er frå eit overvakingskamera på Coop Prix Ler måndag 23. januar.

Foto: Overvåkningsbilde / Politiet

Mobilane verka dårleg

Sonen flytta til huset på Ler i november i fjor. Ho besøkte han fleire gonger og hadde kontakt med han på mobilen til tiltalte. Grunnen til det var at sonen sine eigne mobilar ikkje verka, sa mora i retten.

Ho hadde fleire gonger bede sonen om å få ordna mobilane. Men sundagen, to dagar før drapet, fekk ho svar på mobilen hans då ho ringde. Han fortalde at han hadde fått lånt seg ein mobil. Men dagen etter verka den ikkje meir, ifølgje mora.

Tiltalte sende fleire meldingar til Holte etter at tiltalte forlèt huset på Ler tysdag morgon. Forsvaret meiner dette styrkar tiltaltes forklaring om at han ikkje drap Holte.

LES: Nyvaska bukser funne i avdødes maskin

Mette Skoklefald

Moren til avdøde Råger Holte vitnet i straffesaka mot den drapstiltalte 27-åringen i Sør-Trøndelag tingrett tysdag. Her er hennar bistandsadvokat, Mette Skoklefald

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Vitnemål om fleire valdshandlingar

Den 27 år gamle mannen er også tiltalt for tre tilfelle av vald mot andre. Den tidlegare fastlegen hans fortalde i Sør-Trøndelag tingrett om at tiltalte brukte eit kraftig "karatespark" mot henne då ho nekta å skrive ut medisin. Dette skjedde i september i fjor på legekontoret hennar.

Men legen sa at skadane ville vorte langt alvorlegare om ho ikkje hadde greidd å "hoppe unna" slik at slaget berre trefte henne i olbogen. Ein mann som sat i varetekt i Trondheim fengsel på Tunga i mars samstundes med no tiltalte, vart slått ned bakfrå i luftegarden. Vitnet hadde aldri sett tiltalte før episoden.

Etter sonen sin død har mora ikkje vore tilbake i jobben ho hadde. I retten fortalde ho om mareritt, angst og redsla for å vere aleine.

Mor til avdøde har ikkje ønskt å følgje rettssaka. Ho bad også om å få sleppe å sjå tiltalte mens ho vitna tysdag. Tiltalte vart derfor flytta bak i salen under vitnemålet.

LES: Ville ikkje sjå bilete frå åstedet

Mor til tiltalte: Høyrde Råger si stemme i bakgrunnen

I ettermiddag inntok mor til tiltalte vitneboksen i Sør-Trøndelag tingrett. Ho hadde budd seg med eit lengre innlegg der ho gjekk gjennom saka slik ho ser den. Kvinna i 50-åra forklarer at ho hadde gløymt PIN-koden på telefonen sin tysdag morgon 24. januar etter at mobilen var utan straum.

Først tysdag ettermiddag fekk ho opna mobilen og då oppdaga ho tekst- og dei mange mobilsvarmeldingane frå sonen.

– Han var fortvilt fordi han ikkje fekk tak i meg, sa mor til tiltalte i retten som forklaring på dei rundt 40 mobilsvarmeldingane frå sonen tysdag morgon. Han ville at ho skulle overføre 300 kroner.

På ei av talemeldingane like før klokka 8, meiner mora at ho høyrer Råger Holte i bakgrunnen i det pipelyden kjem:

– Då er mobilen avslått eller liknande, høyrer ho stemma seie. I retten gjentok ho det ho forklarte til politet at ho er sikker på at det er Råger Holte si stemme. Og at sonen er hos Holte i huset på Ler.

Mobilsvarmeldinga er registrert klokka 0752 og er på fire sekund.

Aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne, spør om mora til tiltalte er heilt sikker på at det er Holte ho høyrer. Ho svarer at det er ho.

Mora fekk i alt over 40 mobilsvarmeldingar inn på telefonen sin fram til litt over klokka 9. Den lengste er på 51 sekund. Men i retten står mora fast ved at ho har fortalt om kva ho høyrde av lyd eller stemmer på meldingane. På spørsmål frå aktor kvifor ho trur sonen ringde så mange gonger i løpet av ein time, svarer ho at ho vanlegvis hadde mobilen på døgnet rundt. Derfor vart nok tiltalte uroa då han ikkje fekk tak i henne denne tysdags morgonen.

Kjenner ikkje att genseren sonen hadde på seg

Funn av blod frå avdøde på ei ytterjakke som tiltalte brukte og ein ullgenser som tilsynelatande har krympa frå sundag til onsdag, har vorte mykje omtalt i retten.

Mor til tiltalte sa at blodet frå Holte på sonen si jakke kan forklarast med at Holte ein gong blødde og kanskje fekk låne jakka til sonen. Men dette er berre noko ho har «tenkt», som ho uttrykte det i retten.

Om den tilsynelatande krympa ullgenseren av type Ulvang, som tiltalte hadde på seg då han vart arrestert 25. januar, sa mora at den hadde ho aldri sett før. Ho kjøpte fleire slike genserar i 2012, i ulike storleikar. Men ingen av dei hadde raud eller rosa krage.

– Det er eg som kjøper inn alle kleda til ( tiltaltes namn, red.anm), så eg veit kva klede han har, sa mor.

– Men kvar har den grå genseren med raud krage då kome i frå, spurte aktor.

– Veit ikkje, har aldri sett den, svarte mot til tiltalte.

Ho kalla sonen omtenksam, høfleg, ærleg og omsorgsfull. Og fortalde at han ikkje tolte blod. Han ville ikkje ta blodprøve som yngre ein gong, viste ho til. Derfor meiner ho sonen ikkje kan vere i stand til å ha tatt livet av Holte med langt over hundre stikk.