Hopp til innhold

Mor og dotter overfalt og slått

Ei kvinne i åttiåra frå Skogn blei overfalt, knebla og bunden på hender og føtter onsdag ettermiddag.

Hus i Skogn der to eldre kvinner ble overfalt
Foto: Håvard Zeiner / NRK

Då dottera hennar, som er i sekstiåra, kom med middag blei også ho overfalt og slått ned av ein ukjent mann.

- Dottera er så alvorleg skadd at ho ikkje er avhøyrd ennå, seier etterforskingsleiar Tor Klevmo, ved Levanger lensmannskontor, til NRK Trøndelag.

Kom to gonger

Kvinna i åttiåra, bur åleine på Heimstad i Skogn, på vegen mellom Skogn og Markabygda. Gjerningsmannen har truleg oppsøkt den eldre kvinna to gonger.

Første gong i 09.30-10.00 onsdag morgon, men då forsvann han igjen. Politiet trur at han kom igjen i 12.00-13.00-tida og då overfalt den eldre kvinna utan varsel.

Litt seinare kom dottera til garden med mat. Ho blei truleg overfalt av den same mannen.

- Dottera er sendt til St. Olavs Hospital med hovudskadar, seier Klevmo.

Funnen av barnebarnet

Sonen til kvinna i sekstiåra blei uroleg då mora ikkje kom heim igjen etter å ha gått med maten til garden. Han oppdaga det som hadde skjedd og fekk varsla politiet.

- Ingen av de to kvinnene var i stand til å melde frå om overfallet, det var eit barnebarn som fann dei to og varsla oss ved 22.00-tida i går kveld, seier Klevmo.

Mens bestemora hans ble funnen inne i huset, blei mora hans funnen sterkt forkommen i sentrum av Skogn. Ho hadde forvilla seg dit etter å ha frigjort mor si.

Treng opplysingar

Mannen, som har overfalt dei to har truleg køyrd ein liten, kvit bil, som har stått parkert på vegen mellom Skogn og Markabygda. Politiet er svært interessert i opplysingar.

Det er truleg ikkje forsvunnet noko frå huset til kvinna.

Har du sett eller høyrd noko, kontakt politiet på telefon: 74 12 11 00.