NRK Meny

Døydde etter kveling – ektemann drapssikta

Den skadde kvinna i Levanger som var mishandla av ektemannen sin, døydde fredag ettermiddag.

Åsted Levanger

I denne bustaden i Levanger tok mannen så kraftig kvelartak på kona si at ho døydde på sjukehuset Levanger.

Foto: Eivind Aabakken
Arild Bye
Journalist

Politiet utvidar no siktinga mot mannen til forsettleg drap.

Mannen vart fredag først varetektsfengsla for fire veker, for drapsforsøk.

Den døde kvinna blir no obdusert. Fredag kveld er både pårørande, flyktningetenesta i Levanger og ordføraren i kommunen varsla.

Nyleg komme til landet

Kvinna som er 20 år hadde nyleg komme til landet gjennom familiegjenforeining med sin ektemann på 27.

Ifølgje forsvararen til mannen, Trond Peder Nilsen, var det i samband med ei trette mannen vart valdeleg mot henne. Dette skal ha handla om at kvinna ville reise ein stad, men dette nekta mannen henne.

Krangla om ei reise kona ville gjere

– Han har fortalt at han tok kvelartak på kona for å halde henne roleg, og ho blei til dei grader roleg og da slapp han henne, sa forsvarar Nilsen, etter fengslingsmøtet.

Trond Peder Nilsen

Trond Peder Nilsen var med ektemannen i retten i ettermiddag, før det vart kjent at kona var død.

Foto: Tariq Alisubh / NRK Trøndelag

Begge dei to mannen og kona, er av afrikansk opphav, frå Eritrea, fortel lensmann i Levanger, Anne Ulvin til NRK.

Mannen har vore i Noreg i tre år, mens kvinna kom til Levanger for berre ni dagar sidan og var heilt nyinnflytta her i landet.

Advokaten til den sikta opplyste til NRK fredag før kvinna var død, at han visste lite om forhistoria til paret.

– Klienten min synes det er vanskeleg og har forklart at han blei så sint at han vart heilt ute av seg selv, sa Nilsen til NRK under varetektsrettssaka.

– Eg er usikker på i kor stor grad vi har klart å formidle kor alvorleg dette er, sa Nilsen da.

No er siktinga mot mannen utvida til forsettleg drap.

Video fra Trøndelag

I kveld sparkes den i gang; Steinkjer pønkrockfestival.
Meråker er først ut med smarte gatelys. Kommunen bruker nesten to millioner på miljøvennlig belysning.
Kurth Fallmyr berga barndomsheimen såvidt, men et område på to og en halv kvadratkilometer er svidd av, og skadene er tydelige i terrenget.