Hopp til innhold

Mindretalsbyrådet tar over makta i Trondheim: – Verst mogeleg start

I dag tar det historiske første byrådet i Trondheim over makta – fleire meiner det raknar allereie frå start.

Rådhuset i Trondheim

POLITISK URO: Nok ein gong ristar veggane på rådhuset i Trondheim av politisk uro, rett før parlamentarismen skal innførast.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

– Dette er verst mogeleg start for det som blir eit mindretalsbyråd i Trondheim.

Det seier politisk redaktør Siv Sandvik i Adresseavisen til NRK i politisk kvarter.

Folk var usikker på om byrådet kom til å bli danna. No kjem dei til å bli det, men usemja rundt areal lever vidare, legg Sandvik til.

Les også Denne skogen kan velte byrådet i Trondheim før de har begynt

Tillermarka

Kaos rundt byrådet før dei har begynt

Finansbyråden måtte gå av og blei erstatta av Kjetil Reinskou.

Og usemja innad i Høgre har skapt usikkerheit rundt samarbeidet mellom partia i det nye byrådet.

Det handla om arealplanen til kommunen og vern eller utbygging i Tillermarka, eit skogområde i Trondheim.

Men byrådet er i mindretal og klarer ikkje få fleirtal for arealplanen i bystyret. No vel dei å utsette dette til etter sommaren.

– Me har ikkje kome i mål med ein heilskapleg avtale som har fleirtalet i bystyret. Det har kome mange innspel frå aktørar heilt fram til i dag, seier gruppeleiar Berit Tiller i Høgre til NRK.

– Målet er å få ei betre behandling og ei korrekt behandling, legg ho til.

Les også Denne skogen kan velte byrådet i Trondheim før de har begynt

Tillermarka

– Sentrum-Høgre er ikkje styringsdyktig

Opposisjonen reagerer kraftig på at styringspartia no vil utsette saka om arealplanen til kommunen.

Dei greier ikkje å sikre seg fleirtal i bystyret for dei viktige og store sakene, seier Mona Berger i SV til NRK.

Ho meiner dette har vore eit problem sidan partia tok over makta etter kommunevalet i haust.

Sidan sentrum-Høgre tok over styringa har me sett at dei rett og slett ikkje er styringsdyktig.

Varaordfører Mona Berger (SV) sitter ved et bord, holder hånden til haken og har et betenkt blikk. Det er folk rundt henne.

– Det var rett og slett ikkje realitetsorientert då dei sat seg saman og laga plattforma, seier Mona Berger om byrådet i Trondheim.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Berger meiner dei forskjellige partia sine mål i sentrum-høgre er motstridande og ikkje harmonerer.

Det er det me ser no. Det å greie å skaffe 3000 dekar næringsareal er frykteleg vanskeleg utan å bygge ned dyrka mark, myr, viktige skogområde som Tillermarka.

– Kaos er også ein god ting

Det er ikkje berre i Trondheim det har storma rundt byrådet og politikken deira.

Same veke som Ferhat Güven gjekk av som finansbyråd i Trondheim, måtte også finansbyråden i Bergen gå av.

Kanskje vil parlamentarisme verke som meir kaotisk, men i realiteten får ein meir debatt om viktige saker. Og det er også ein god ting.

Det seier politisk kommentator i Bergens Tidende, Gerd Margrete Tjeldflåt. Ho har følgt byrådet i Bergen gjennom mange år med bybane-kaos. Og dersom politikarane i byrådet ikkje gjer som dei seier, blir dei haldne ansvarleg.

– Det er eit fleirtal i bystyret som kan felle byrådet viss dei ikkje gjer det dei seier. Det er det ultimate riset bak spegelen.

Gerd Tjeldflåt, kommentator Bergens Tidende

– Ein del av parlamentarismen er jo at politikarane sit med det endelege ansvaret. Og dermed blir alle usemjer og alle prosessar på ein måte meir synleg, seier Gerd Margrete Tjeldflåt i BT.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Mindretalsbyråd

Det historiske byrådet er i mindretal i bystyret og må forhandle med andre parti for å få gjennom sakene sine.

Men byrådsleiar Kristian Dahlberg Hauge er sikker på at dei skal få til gode samarbeid med dei andre partia.

– Me er veldig klar over at me er eit mindretalsbyråd. Det betyr at me må hente støtte frå ulike parti i bystyret. Og den jobben bidreg berre til at me får meir politisk diskusjon og gode politiske prosessar i bystyret.

Bildet av byrådet i Trondheim 2. mai 2024. Fra venstre Lars Viko Gaupset (MDG), Trond Åm (V), Merete Baustad Ranum (H), Christianne Bauck-Larssen (H), byrådsleder Kristian Dahlberg Hauge (H), Lucie Katrine Eidem (V), Ferhat Güven (H) og Line Fjørstad (MDG).

Då byrådet blei presentert tidlegare i år. Sidan den gong er finansbyråd Ferhat Güven (person nr. 2 frå høgre) erstatta av Kjetil Reinskou.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Og i bystyret har byrådet samarbeidspartia Pensjonistpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.

– Det samarbeidet skal me forvalte godt og så skal me har ein god dialog med andre parti.

Byrådsleiaren er optimistisk og klar for å leie Trondheim inn i den nye politiske styringsforma.

– Det skal vere kortare veg for å gjennomføre det me seier her enn det har vore tidlegare. Er det noko den nye modellen skal kjenneteiknast av så er det gjennomføringskraft, seier Dahlberg Hauge.