Hopp til innhold

Milde mars fram til påske

Frå i dag stig temperaturen i Trøndelag. Mildvêret blir følgd av regn. Resultatet blir glatte vegar, og fare for jord- og steinras. I Trollheimen blir det åtvara om stor snøskredfare, på raudt nivå, i utsette fjellskrå.

Holke på vegen

Hålkeføre innleier siste veka før påske. Mildvêret vil halde fram heile veka.

Foto: Hias IKS

Ein betydeleg temperaturauke er varsla, og det kan bli opp mot sju-åtte grader mange stader i løpet av siste helgedagen. Utover ettermiddagen og kvelden vil regnet auke på mange stader.

Resultatet kan bli spegelglatte vegar og der snøen ligg i vegane etter dårleg brøyting, gjennomslag og sørpeføre som vil bety utfordringar for trafikantane.

Dei som er på heimtur etter helgeutfart og elles er ute i trafikken, kan måtte rekne seg lenger tid enn elles på turen.

Strøbilar og saltebilar alt i gang

Veisaltspreder

Vegsalt er ein måte å halde hovudvegane opne og trafikksikre på om vinteren.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Dagen blir heilt sikkert utfordrande også for dei som skal passe på at vegane er framkommelege også på slikt føre. Salte- og strøbilar gjekk for fullt i Trondheim frå morgonen av, der problemet var underkjølt regn i dei første morgontimane. Dette var også eit problem andre stader i landsdelen.

Skredfaren aukar med slikt ver

I Trollheimen særleg er det åtvaring mot å ferdast i brattlende i fjellet. Ein må unngå utløysingsområde og utlaupsområda der laussnøskred kan vere sannsynleg i milde periodar, skriv nettportalen varsom.no, der du finn varsel om skredfare.

Også jord og steinskredfaren aukar, i heile Trøndelag. Med det vêret som kjem no er den oppe på gult nivå. Der det fell mykje regn, vil dette saman med fuktig bakke gi betydelege utfordringar, så her gjeld det å gjere ein innsats for å halde stikkrenner og dreneringsvegar opne i dagane som kjem.

Det kostar lite å stake opp og halde is vekk, for å halde vassvegane opne, og slik førebygge moglege skadar. Stikkrenner går lett igjen når is, steinar og jord legg seg for.

Ras Verdal

Trøndelag har grunn som gjer landsdelen særs utsett for jordskred, som her i Verdal, der ein del av vegen har glidd ut.

Foto: Nord-Trøndelag politidistrikt