NRK Meny
Normal

Midtnytt 20 år - kva hugser du best?

Over 15 000 reportasjar er laga og sendt i Midtnytt i løpet av 20 år. Hjelp oss å finne dei gløymte skattane i arkivet og bli med trekninga av ein drøymedag på Midtnytt.

Gamle og nye klipp fra Midtnytt

TILBAKEBLIKK: Her er nokon av innslaga som er sendt på Midtnytt. Kva er ditt favorittinnslag? Tips oss!

Hugser du lille Tyfus? Undulaten frå Namsos som snakka som ein foss og som lærte seg å seie NRK Midtnytt på ei veke.

Eller kva med den enorme isblokka som fylte nesten heile hytta i Ålmdalen i Oppdal vinteren 2013.

20 år med regional tv-sending

NRK Midtnytt fyller 20 år 15. november. Gjennom tjue år har vi dekt store flaumar, bybrannar og ras. Vi har vore tilstades på sportshendingar du seint vil gløyme, fulgt Rosenborg tett og vore i hælane på Marit Bjørgen og Petter Northug.

Vi var der då May-Britt og Edvard Moser fekk Nobelprisen i medisin saman med John O'Keefe. Og vi har fulgt kongefamiliens mange besøk i Trøndelag.

Vinn drøymedag med Midtnytt

Kva er ditt beste minne frå tjue år med Midtnytt?

Kanskje er det eit direkteinnslag, ein tabbe i studio, ei sak som sette dagsorden eller rett og slett eit innslag som fekk deg i godt humør?

Del ditt beste minne med oss, og kanskje blir innslaget ein del av NRK Trøndelags jubileumssending.

Som takk er du med i trekninga av ein drøymedag med Midtnytt som inkluderer lunch, omvising på Mediehuset NRK Trøndelag og du får sitte i regien under Midtnyttsendinga vår klokka 1845.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Terje Våg fra Snåsa. En av fem finalister til Årets Ildsjel.
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon