Hopp til innhold

Farevarsel for styrtregn i helga

Finn fram paraplyen, frå i kveld skal det hølje ned i fleire fylke.

Frå laurdag morgon og til søndag morgon er det lokalt venta 40-60 mm/24t i Trøndelag og på Nordmøre.
Illustrasjon: Yr.no

– No bør du leite fram støvlane, seier statsmeteorolog Iselin Skjervagen.

Frå fredag kveld til laurdag morgon ventar meteorologen kraftige regnbyer i Trøndelag og i Møre og Romsdal. Det er også sendt ut farevarsel for mykje regn på Nordmøre og i Trøndelag. Lokalt er det venta 40–60 millimeter på 24 timar.

Det er venta store lokale variasjonar i intensitet og mengde regn, og været kan endre seg raskt.

Fredag ettermiddag og kveld er det også fare for torever med mykje lyn på Nordmøre og Sør-Trøndelag. Det vil vere skilnad i intensiteten og nokre stader vil ikkje oppleve torever.

– Det er i hovudsak Vestlandet som får det verste vêret i helga, seier Skjervagen.

Ho har sendt ut farevarsel for kraftige regnbyer i Rogaland og Sunnhordland frå natt til laurdag og fram til laurdag ettermiddag.

Årsaka er eit lågtrykk, som kjem inn frå sørvest.

– Det treffer sørlege delar av Noreg og vil gje mykje regn for Sør-Noreg heilt opp til Trøndelag, seier statsmeteorologen.

Også dei nedste delane av Nordland vil få ganske mykje nedbør i løpet av fredagen.

Farevarsel 13. 08.2021.

TID FOR STØVLAR: Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for kraftige regnbyer i Trøndelag og Møre og Romsdal.

Illustrasjon: Yr

Regn og byer i sør på laurdag

Laurdagen ser det veldig fint ut i Nord Noreg, dei får truleg det beste været då.

I sørlege delar av Nordland og i Sør-Noreg vil det regne.

–Det kan bli både regn og regnbyer der, seier Skjervagen.

Fra natt til lørdag og frem til lørdag ettermiddag ventes kraftige regnbyger i Rogaland og Sunnhordland.

Meteorologisk institutt ventar store lokale variasjonar i intensitet og mengde, og at været kan endre seg raskt i Rogaland og Sunnhordaland på laurdag.

Illustrasjon: Yr.no

Fint i Finnmark, regn i resten av landet på søndag

Utover søndagen vil det vere mykje regn, og også regnbyer i store delar av sør Noreg.

Austlandet og nedover mot Sørlandet vil få litt meir opphald enn andre stadar i Sør Noreg, medan det i Nord Noreg vil vere lett regn på søndagen. På måndagen vil det vere nedbør også i store delar av Noreg heilt opp mot Troms.

Det er berre Finnmark som ser ut til å ikkje få så mykje nedbør på måndag. Det vil vere mest nedbør på søndag kveld, som vil treffe Austlandet ned langs kysten mot Sørlandet, fortel statsmeteorolog Iselin Skjervagen.