Hopp til innhold

Maurstad blir "Gamal Jostein"

Toralv Maurstad skal spele "Gamal Jostein" i neste års framsyning av Spelet om Heilag Olav.

Toralv Maurstad
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

 

 I tillegg gjer Anders Baasmo Christiansen comeback som kong Heilag Olav. Han spelte sist kongen på Stiklestad i 2003.

Toralv Maurstad er ein av dei mest anerkjente skodespelarane i Noreg.

- Eg har lest manuset og gledar meg til å begynne å jobbe med dette. Det er Stein Winge, som skal sette opp spelet, som har overtalt meg til å bli med, seier Maurstad til NRK Trøndelag. 

Rollelista:

* Anders Baasmo Christiansen: kong Heilag Olav
* Paul-Ottar Haga: Torgeir Flekk
* Hildegunn Eggen: Gudrid
* Eir Inderhaug: Gudrun
* Toralv Maurstad: Gamal Jostein
* Espen Fegran: Tormod Kolbrunarskald
* Lars Melsæther Rydjord: Froste
* Kari Onstad: Grima
* Ralph Carlsson: Arnljot

Det er ikkje bestemt kven som skal spele Torgeir frå Kvistad.