Mattilsynet møtt av ein uuthaldeleg stank og døde kattar i si eiga avføring

På garden i Trøndelag levde opp mot 40 ville kattar i si eiga avføring. Nesten alle måtte avlivast.

En trøndersk katteeier er tiltalt for grov dyremishandling

DÅRLEG LEVEMILJØ: Kattane oppheldt seg i skitne og delvis kalde rom. Tiltalte meiner dei mange skålene med mat han sette rundt omkring, viser at kattane fekk næring.

Foto: Mattilsynet

Mattilsynet kom til garden i oktober 2018 etter å ha fått ei bekymringsmelding om forholda.

Måndag møtte katteeigaren i Sør-Trøndelag tingrett tiltalt for grov dyremishandling over fleire månader.

Inspektøren som først besøkte garden etter bekymringsmeldinga vitna i Sør-Trøndelag tingrett.

– Det var ein uuthaldeleg stank då eg opna døra til hovudhuset, så det vart eit kort besøk, sa inspektøren i retten.

Han observerte også ville kattar som sprang «vegg i mellom». Det var avføring overalt.

Fleire av kattane i huset var døde, nokre av dei kattungar.

Kattane hadde innvolsorm

Sidan eigaren ikkje var å finne, kom Mattilsynet tilbake dagen etter.

Inspeksjonen avdekka at kattane stort sett kunne gå kvar dei ville i dei mange bygningane på garden. Men det var ikkje noko oppvarming, bortsett frå i hovudhuset.

Katteeigaren fekk beskjed om at han ikkje kunne ha så mange kattar.

Obduksjonen hos veterinæren viste at mange av kattane hadde innvolsorm, parasittar og luftvegsplager. Andre hadde sår etter slåsting og seks kattar hadde brekt hale. 10 av 19 hokattar var drektige.

En trøndersk katteeier er tiltalt for grov dyremishandling

DØDE KATTAR: Mange hadde innvolsorm og hadde fått for lite eller feil mat. Nokre av kattane var døde då Mattilsynet kom, men ikkje fjerna frå huset.

Foto: Mattilsynet

Fekk ikkje tak i p-piller

I retten erklærte tiltalte seg delvis skuldig i tiltalen om brot på dyrevelferdslova paragraf 37.

Men han avviste mangel på fôring.

– Det er kanskje ikkje noko fint ord i retten. Men eg skal ha meg fråbede at eg ikkje gav dei mat.

Kattehaldet var naudsynt for å halde mus og rotter unna garden, forklarte tiltalte.

Han viste til at det var sett ut skåler med mat og vatn på minst 10 plassar. Han la også fram kvitteringar på kjøp av kattefôr. I tillegg fekk dyra oppsmuldra kneippbrød, ofte i brun saus eller varm mjølk og eventuelle middagsrestar, ifølgje den tiltalte i 60-åra.

Han forklarte den store mengda med kattar med at han hadde freista å få tak i p-piller som veterinæren skreiv ut. Men på apoteket fekk han vite at p-pilletypen var på veg ut og at det var tomt.

Forsvarer Kolbjørn Lium la fram ein artikkel frå NRK som han meiner dokumenterte problemet med å få ta i p-piller for kattar.

Aktor Amund Sand opplyser til NRK etter rettssaka at han meiner tiltalte burde ha sterilisert kattane dersom det ikkje var p-piller å få tak i.

Ingen av kattane var vaksinerte eller hadde fått ormekur. Tiltalte vurderte ormekur, men då han fekk vite kva det kosta og at den måtte gjevast fleire gonger, droppa han det.

Få teikn til betring etter at Mattilsynet greip inn

Om dei døde kattane forklarte tiltalte at han hadde ei fellesgrav for dei. Meininga var å gravleggje dei der etter kvart.

Aktor understreka i prosedyren at det er svært alvorleg at kattehaldet fekk utvikle seg over tid, truleg gjennom heile 2018 og til mai 2019.

Hadde ikkje Mattilsynet kome, ville tilstanden på garden truleg vore den same i dag, antyda aktor. Sidan det var få teikn til betring då Mattilsynet kom på ny inspeksjon vinteren 2019, vart mannen meldt til politiet.

– Desse kattane har opplevd store påkjenningar frå den første dagen i livet sitt. Vi ser mykje, men dette er ei av dei verre sakene.

Det sa veterinær Kristin Vikvald Olsson frå Mattilsynet i retten.

Ho forklarte at når kattar ikkje er tamme, er det ein evig kamp om tilværet og maten. Stresset aukar også faren for smitte når dyra ikkje er vaksinerte.

Aktor omtala forholda for kattane som «Jungelens lov» og la ned påstand om fengsel i seks månader, halvparten utan vilkår. Saka vart liggande i over eitt år etter at mannen var avhøyrd. Det får han frådrag for om han blir dømt.

Aktor meiner tiltalte også skal fråtakast retten til å ha dyr i fem år.

Dommen fell neste veke.