Hopp til innhold

Måtte kaste seg ut av brennande bil

– Buksa mi tok fyr, vi måtte berre hoppe ut av bilen og komme oss unna, seier eigaren av bilen som plutseleg begynte å brenne tirsdag kveld.

Bil begynte å brenne Verdal

Bilen vart totalskadd etter brannen som oppstod under kjøring.

Foto: Terje Næss

Bilbrann Verdal

Ingen vart skadd i bilbrannen i Verdal.

Foto: Frank Kverkild

– Vi kjørte langs fylkesveg 72, som går parallelt med E6 mellom Boby'n og Vinne. Plutseleg slo det flammar ut frå under dashbordet på passasjersida, seier Frank Kverkild frå Verdal.

Dette er den trettande bilbrannen i Trøndelag etter nyttår.

– Ingen forvarsel

– Buksa mi tok fyr, vi stoppa bilen og heiv oss ut, seier Kverkild.

Han fekk slokka flammane på buksa, men kunne ikkje gjere noko med bilen.

– Heile bilen sto i flammar, og vi hadde ikkje noko å slokke med, vi måtte berre ringe etter hjelp, seier han.

Han og kameraten som kjørte bilen, høyrde verken mistenkelege lydar eller kjente mistenkeleg lukt før brannen oppstod.

Bilen starta av seg sjølv

Det skumlaste var at mens bilen brann, starta den av seg sjølv og begynte å rulle.

– Vi stoppa motoren før vi sprang unna, men bilen hoppa framover på startaren. Det var heldigvis litt sving på dekka, så bilen svingte av vegen og endte i stolpen. Fleire har trudd at bilen begynte å brenne fordi vi krasja i stolpen, men slik var det ikkje, seier Kverkild.

Bilen var ein eldre bil, ein Ford Fiesta 1979-modell, men eigaren Kverkild seier at bilen var i god stand. Han trur det blir vanskeleg å slå fast kva som er årsaka til brannen.

– Politiet sa at det truleg ikkje var mykje å undersøke, men dei ville sjå på den utbrende bilen likevel, seier Frank Kverkild.

Mange bilbrannar i Trøndelag

Dette er langt frå den einaste «uforklarlege» bilbrannen i Trøndelag på etterjulsvinteren 2015. Etter nyttår har det vore tretten bilbrannar.

– Det har vore uvanleg mange bilbrannar i vinter, særleg da det var kaldt, seier etterforskingsleiar hos politiet i Nord-Trøndelag, Leif Gundersen.

Han har registrert at mange har spekulert i kva årsaka kan vere.

– Eg er ikkje spesialist, men det kan ha ein samanheng med at ein kjører el-anlegget hardt når det er kaldt. Varmeapparat, vifter, varmetrådar i bakruta, setevarme – og sjølvsagt lys. Dette kan vere ei ekstra belastning på det elektriske anlegget i bilen, seier Gundersen.

Tal frå forsikringsbransjen visar at 3.522 bilar brann i Noreg i 2014. Forsikringsselskapa måtte betale ut nesten 240 millionar kroner, viser tal frå bransjeorganisasjonen Finans Noreg (FNO).

Utbetalingane har auka jamnt sidan 2003, da dei låg på snautt 150 millionar kroner.