Maskiner og utstyr borte
Namsos maskin og gjenvinning er fråstole utstyr og maskiner for fleire hundre tusen kroner frå parkert anlegg. Tjuvande har gått bevisst etter dei dyranste delane på maskinene, og tok og med seg ei gravemaskin, seier Marius Hojem i firmaet til Namdalsavisa.