Hopp til innhold

Martin vil samle alle trøndere til festival

Den nyvalde festivalsjefen har store planar om markering når UKA blir 100 år i 2017. Han håpar fleire enn berre studentane vil vere med å feire.

UKA-sjef

Martin Næss (22) er nyvald sjef for kulturfestivalen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Førre onsdag vart det vald ny sjef for festivalen, som er Norges største kulturfestival.

Martin Næss fekk eit stort fleirtal av stemmene, og har dermed fått det ansvarsfylte vervet.

Næss kjem frå Jessheim og studerar industriell økonomi og teknologiledelse.

Han er no den einaste som jobbar med festivalførebuingar. Innan oktober 2017 skal han vere øvste sjef for rundt 1500 frivillige.

Martin Næss, UKA-sjef

Mykje av festivalen går føre seg på Studentersamfundet, men alle er velkomne under festivalen.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Skal ose nostalgi

– 100 år med uka er kjempespanande. Det skal markerast. Planane er sjølvsagt ikkje fastsett, men vi kan ha jubileumskonsert, dekorere huset slik det osar av 100-årsnostalagi når ein går inn døra, og ha jubileumsutstilling på Samfundet. Også ein revykavalkade i Storsalen kan vere aktuelt.

Det er studentar som arrangerer festivalen, og det er også flest studentar som deltek. Dette ynskjer Næss å gjere noko med.

– Å ha eit variert program er noko av det viktigaste. Det skal vere noko alle kan vere interessert i.

Vil endre ryktet

Gjertrud Hole Kjøstolfsen var festivalsjef i 2015. Ho meiner det er ei utfordring å bli kvitt stempelet «studentfestival».

Gjertrud Hole Kjøstolfsen

Tidlegare festivalsjef Gjertrud Hole Kjøstolfsen meiner det er vanskeleg å bli kvitt stempelet som studentfestival.

Foto: Espen Halvorsen Bjørgan

– Da eg hadde vervet, var det fokus på at andre enn studentar skulle vere med. Vi prøvde å formidle at heile byen var hjarteleg velkomne, men det var vanskeleg. UKA har rykte for å vere ein festival for studentar.

Nokre arrangement er tradisjonelt meir populære for ei større målgruppe enn studentane. Ukerevyen er eit eksempel.

Næss var i 2015 sjef for revyen.

– Revyen er på ein måte «byens revy». Der er det lite intern studenthumor, og den skal vere underhaldande for alle som ser på.

Mange timar ubetalt arbeid

Mange timar går med til frivillig arbeid. Ingen får betalt. Men Næss har ein teori på kvifor festivalen har blitt arrangert i snart 100 år.

– Festivalen er heilt unik for studentmiljøet i Trondheim. Ein skapar noko stort i fellesskap. Ein får opplevingar og erfaringar ein ikkje får andre stadar.

Så lenge dei frivillige sitt att med positive kjensler etter å bidratt til festivalen, trur Næss at den kan leve lenge.

– UKA er essensiell for Trondheim som Norges beste studieby, og vi skal legge til rette for at den kan vare i 100 nye år.