Bjørn Dæhlie, Erling Jevne og Hilde Gjermundshaug har alle arrangert barneskirenn i heimkommunen. Tirsdag inviterte trippelverdsmeister Marit Bjørgen over 400 barn til skileik på Oddjære i Budalen.
- Dette er utruleg artig. Eg hadde ikkje trudd at det ville komme så mange barn då vi starta med planlegginga tidlegare i vinter, seier Marit Bjørgen til NRK Trøndelag.
Flagget til topps under Maritsprinten. (Foto: NRK)
Langrennsdronninga er veldig glad for at ho får sjansen til å arrangere sitt eige skiløp. Ho håper det vil inspirere barna til å ville satse på langrenn.
- Eg håper barna får ein kjekk skidag med leik. I tillegg håper eg at eg kan inspirere ungane og at det kan hjelpe på rekrutteringa, seier Bjørgen.
Ho legg til at det er viktig at barna trivst med ski mens dei er små. Dei tøffe treningsøktene kjem først seinare.
- Mot slutten av juniortida startar den knallharde treninga, seier Bjørgen som har lagt igjen mange treningstimar i dei bratte bakkane opp til Rognes.