Hopp til innhold

Marit føler presset

- Eg føler at eg ikkje får godkjent når eg blir nummer to. Det er tøft, seier Marit Bjørgen.

Marit Bjørgen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Marit Bjørgen har vore på pallen i dei tre første verdscuprenna. Ho er godt nøgd med eigen innsats, men føler seg likevel pressa av journalistar.

- Det er tøft å finne orsakingar overfor pressen for at eg blir nummer to. Eg føler at eg ikkje får godkjent når eg blir nummer to. Det er tøft, seier Bjørgen til VG.

Ho har alltid sett seg høge mål for eigen innsats, men skjønnar at det ikkje går an å vinne kvar gong. No innrømmer Marit Bjørgen at presset gir ho negative tankar. Det kom til uttrykk då ho førre helg sa til pressen at ho ville kontakte den tidlegare trenaren sin, Svein Tore Samdal, for å få råd.  

- Eg har stor trong for å høyre at eg faktisk har gjort det veldig bra frå menneske eg stoler på, det vil seie trenarar og Fred Børre Lundberg, seier Bjørgen til avisa.

Det store målet for Marit Bjørgen i år er VM i Sapporo.