Hopp til innhold

Mårhund skal avsløre artsfrendar

Mårhunden som blei fanga på Leka skal brukast til å leite fram fleire artsfrendar.

Mårhund

Denne mårhunden skal radiomerkast.

Foto: Karl Brøndbo/SNO

– Det finst ingen andre dyr eller menneske som er flinkare til leite fram andre mårhundar, enn mårhunden sjølv, seier prosjektleiar i Direktoratet for naturforvaltning (DN), Erik Lund, til NRK.

Første gong i Noreg

I helga blei det for første gong fanga ein levande mårhund her i landet. Dyret blei fanga i ei burfelle i Gutvik i Leka kommune i Nord-Trøndelag.

Mårhunden skal steriliserast og radiomerkast før den slepp fri igjen. Direktoratet for naturforvaltning håper den vil avsløre om det finst fleire dyr av same art i Leka-området.

– Vi ønskjer å få ein oversikt over om det finst fleire individ i dette området. Viss vi får merka dette dyret, vil det mest truleg oppsøke artsfrendar så fort som muleg, seier Lund.

Ingen invasjon

Mårhund, også kalla vaskebjørnhund, er eit rovdyr i hundefamilien på storleik med ein raudrev. Den er uønsket i Noreg fordi den ikkje høyrer til i norsk fauna.

For to år sidan blei det skote og påkøyrd fire mårhundar i Hattfjelldal. Mårhunden som blei fanga i helga kjem truleg aust frå.

– Vi har førebels ingen invasjon, men vi har hatt ein del enkelttilfelle dei siste åra. Det betyr at vi har veldig lite dokumentasjon på at det faktisk er fleire enn eitt individ, seier Lund.

Takkar lokalfolket

Direktoratet for naturforvaltning (DN) er avhengig av hjelp frå lokalbusetnaden for å avsløre mårhundar i Noreg.

– Om folk ser mårhundar, ber vi dei melde frå til den lokale rovviltkontakten, slik at vi kan få sjekka det ut. Utan folk i Gutvik si interesse og pågang hadde vi ikkje lukkast i å kome så langt i arbeidet, seier Tore Solstad, regionansvarleg i Statens Naturoppsyn for rovvilt i Nord-Trøndelag, til NRK.

Det er tillatt å jakte på mårhund året rundt sidan den er en uønska art.