Mann omkom etter at grøft kollapsa

Mannen som vart sittande fast, da ei grøft kollapsa i Vangslia i Oppdal, døyde på St. Olavs hospital natt til laurdag.

Arbeidsulykka skjedde under gravearbeid i Vangslia i Oppdal

Arbeidsulykka skjedde under gravearbeid i skisenteret i Vangslia.

Foto: Tore Meirik

Politiet melde på Twitter torsdag at det hadde gått eit ras klokka 18.23, men korrigerte dette etter ei stund.

– Under arbeid med ei gravemaskin var det ein mann i ei grøft. Den eine veggen i grøfta kollapsa og mannen fekk massane over seg, sa Stig Roger Olsen, operasjonsleiar i Trøndelag til NRK.no.

Naudetatane var raskt på staden og helsepersonell fekk frigjort mannen og gav han førstehjelp. Ifølgje avisa Opdalingen skjedde ulykka ved heishuset i Vangslia.

Arbeidsulykke Vangslia Oppdal

FEKK MASSANE OVER SEG: Det var ein grøftekant som raste ut under gravearbeid i Vangslia.

Foto: Arvid Storli / Opdalingen

Kritisk

Luftambulansen landa på ulykkesstaden etter kort tid og flaug etter kvart mannen til St. Olavs hospital i Trondheim.

Laurdag ettermiddag melde politiet at det var den 49 år gamle Ingebrigt Strand, frå Lønset i Oppdal som omkom i ulykka og at dei pårørande var varsla.

St. Olavs hospital sende ut varsel om dødsfallet klokka 01:00 natt til laurdag.

Politiet har opna etterforsking av ulykka.

Undersøkingar gjennomført fredag

Fredag var Arbeidstilsynet og kriminalteknikere frå politiet på ulykkesstaden.

Det var fleire vitne til ulykka og desse skulle bli avhøyrd av politiet, skreiv avisa Opp.

Det har i haust vore jobba med å byggje ny stolheis i Vangslia, men det er ikkje kjent om ulykka har skjedd i samband med dette.

Luftambulansen lander på St. Olav

Ein mann vart sendt til St. Olavs hospital med luftambulanse etter arbeidsulykka på Oppdal, men livet stod ikkje til å redde.

Foto: Erland Knutsen / NRK