Ein mann i 50-åra blei tysdag pågripen av politiet i Trondheim.
Han er sikta for brot på paragraf 311 i straffeloven.
Paragrafen omhandlar overgrepsmateriale av barn.
Det var Adresseavisen som omtalte saka først.
Skal ha deltatt i chattar som seksualiserer barn
Onsdag blei mannen framstilt for varetektsfengsling i Trøndelag tingrett.
Politiadvokat Suzanne Molund opplyser til Adresseavisen at mannen samtykte til å bli varetektsfengsla.
– Han har ikkje tatt stilling til skyldspørsmål, men samtykte til varetekt i ei veke.
Trøndelag tingrett meiner det er skjellig grunn til å mistenke mannen.
– Retten har i denne vurderinga særleg lagt vekt på den sikta si forklaring til politiet for å ha deltatt i grupper som deler bilete som seksualiserer barn og å ha deltatt i chattar som seksualiserer barn, heiter det i kjennelsen frå retten.
Politiet etterforskar saka
Ifølge kjennelsen er etterforskinga i innleiande fase.
– Politiet har på noverande tidspunkt ikkje oversikt over den sikta sin digitale aktivitet som er opplyst å vere omfattande, heiter det i rettsdokumentet.
Den sikta mannen skal ha blitt avhøyrd same dag som han blei pågripen.
– Han gav ei forklaring og deretter blei siktinga utvida med tanke på omfang og tidsperiode, seier Molund til Adresseavisen.
Ho fortel også at politiet har ransaka ei privat adresse.
Der er det blitt tatt beslag i digitale einingar som politiet no går gjennom.
– Vidare er det viktige etterforskingsskritt som står att, som politiet må få noko tid til å gjennomføre utan at sikta blir gitt anledning til å forspille bevis, står det i kjennelsen.
Til Adresseavisen bekreftar Molund at det bur barn på adressa til mannen.
Mannen skal ikkje vere kjent for politiet frå før.