Hopp til innhold

Mann dømt for grov mishandling av kattar: Såg lusa hoppa over pelsen

Dommen mot ein mann i 60-åra i Trondheim er av dei strengaste for vanskjøtsel av dyr i Noreg nokosinne. Retten meiner saka er alvorlegare enn «Lucasdomen».

Katt som ble vanskjøttet av mann i 60-årene i Trondheim

Ei av kattane som var vanskjøtta av mannen i 60-åra. Dei fleste av kattane måtte avlivast etter at Mattilsynet kom på inspeksjon.

Foto: Mattilsynet

I eit skite, falleferdig fjøs i Trondheim kommune levde rundt 25 kattar. Dei eldste var berre halvtanna år gamle. Då Mattilsynet kom på inspeksjon måtte 17 av mannen sine kattar avlivast.

No er mannen dømt til åtte månaders fengsel for brot på Dyrevelferdslova om manglande tilsyn og stell.

Leiaren i dyrevernsnemnda fortalde i Sør-Trøndelag tingrett at ein på to meters avstand kunne sjå at lusa «hoppa» over pelsen til kattane.

Kattane var desperate og klødde seg til blods. Fleire hadde sår. Berre sporadisk hadde dei tilgang til mat og drikke og maten var hundefôr. Tiltalte forklarte at det var fordi det er billegare enn kattefôr.

Kattane bar preg av dårlig stell

Dårlege tenner var eit kjenneteikn hos fleire av kattane. I tillegg hadde fleire kattar ei rekke andre plagar, og mange skydde folk.

Foto: Mattilsynet

Alle kattar var avmagra og hadde lus

Veterinæren frå Mattilsynet som vitna, sa at alle kattane var avmagra og hadde lus og orm. Avmagringa kunne skuldast både ueigna mat og orm i buken. To kattar hadde brekte hjørnetenner, ein annan eit brukke kne, ein tredje betennelse som lukta ille.

Inspeksjonen vart gjort i fjor haust. Men heilt sidan 2010 har dyrevernsnemnda vore inne i saka etter fleire bekymringsmeldingar om halvville, tynne kattar på eigedomen.

Men pålegg og tilsynsrapportar frå Mattilsynet vart ikkje følgt opp av katteeigaren.

Ein leigebuar plasserte sjuke kattar på trappa til tiltalte, men han la dei berre tilbake i fjøset igjen. Leigebuaren fann også ein død kattunge som vart levert til tiltalte. Då Mattilsynet var på inspeksjon tre veker seinare fann dei plastposen med kattungen hengande på traktoren.

«Total mangelfull respekt»

Tiltalte nekta straffskuld då saka var oppe til behandling i september. Men retten meiner han visste kva han gjorde ved å ikkje følgje pålegga frå Mattilsynet og syte for å få behandla dei sjuke kattane.

Det er ingen formildande omstende i saka, meiner tingretten.

«Skjerpende i denne saken er tiltaltes totale mangelfulle respekt for kattenes velferd og regelverket som skal ivareta det» står det i domen. «Han har verken vist anger eller innsikt i hva han har gjort.».

Hunden Lucas

Hunden Lucas vart funnen død under Krapfossbrua i Moss i juli for to år sidan. Eigaren vart dømt til 90 dagars fengsel for å ha avliva hunden ved å binde den til eit betongrøyr og kaste dyret ut frå ei bru. Retten meiner kattesaka i Trondheim er meir alvorleg.

Retten: Alvorlegare enn «Lucasdomen»

Retten meiner saka var alvorlegare enn den såkalla «Lucasdomen». Der vart ein person dømt til 90 dagars fengsel for å ha avliva hunden Lucas ved å binde den til eit betongrøyr og kaste dyret ut frå ei bru.

Den andre saka retten har samanlikna med er «Jøa-domen» frå Trøndelag. Der var tiltalte dømd til eit år og åtte månaders fengsel for å ha vanskjøta 92 kyr.

Begge sakene vart prøvde i Høgsterett.

Vanskjøtselen av kattane i Trondheim over fleire månader, at så mange måtte avlivast og den likegyldige haldninga hos tiltalte at kattar er «forbruksvare», gjer dette til ei alvorlegare sak enn «Lucas», meiner retten.

Derfor dømde dei mannen i Trondheim til åtte månaders fengsel.