Hopp til innhold

Politiet åtvarar etter fleire trafikkulukker i Trøndelag

Politiet i Trøndelag ber folk om å køyre forsiktig på det glatte vinterføret.

Trafikkulukke Selbu.

MØTEULUKKE: To personbilar fekk store skadar då dei kolliderte front mot front i Selbu fredag ettermiddag.

Foto: Ingar Lien / Selbyggen

Ein person er sendt med luftambulanse til St. Olavs hospital etter at to personbilar frontkolliderte i Selbu. Vedkommande er alvorleg skadd.

To andre involverte personar blei sendt til legevakta med mindre skader. Det er snakk om mogleg brotskade.

– Helsepersonell på staden opplyser om at det skal vere ei såkalla høgenergiulukke. Airbagane i begge bilane er utløyste, sa operasjonsleiar Solfrid Lægdheim i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Politiet meldte om ulukka på Twitter klokka 16.21.

Det var lange køar på staden. Vegen opna att like etter klokka 18.

Kø etter trafikkulykke i Selbu

SELBU: Kø etter trafikkulukka i Selbu. Ein person vart sendt med luftambulanse til sjukehus.

Foto: Ola Bjerken

Fleire trafikkulukker i fylket

På E6 i Stjørdal meldte politiet klokka 14.10 om eit trafikkuhell med truleg tre køyretøy involverte. Det viste seg å vere snakk om to køyretøy.

Ein person vart sendt til legevakta. Helltunnelen var stengt i nordgåande felt, men opna att like etter klokka 17. Det blir oppretta sak, melder politiet.

Klokka 15 meldte politiet om ei trafikkulukke på fylkesveg 714 på Frøya. To lastebilar var involverte. Ein person fekk ein helsesjekk på staden.

Etter klokka 15 vart det meldt om ei ulukke i Orkland, der to lastebilar var involverte. Ingen blei skadde.

Like før klokka 16 rykte naudetatane ut til Grong etter melding om ei trafikkulukke. Dei involverte var tilsynelatande ikkje alvorleg skadd, men fekk ein helsesjekk, opplyste politiet.

Ingen personar skal ha blitt skadde då denne lastebilen kolliderte med eit anna stort køyretøy på Frøya i Trøndelag i ettermiddag.

FRØYA: Denne lastebilen kolliderte med ein anna lastebil på Frøya i Trøndelag i ettermiddag.

Foto: Ronny Teigås

Ber folk om å køyre forsiktig

Politiet i Trøndelag har hatt det travelt heile dagen, med mange meldingar om trafikkulukker på det glatte føret.

– Vi har ei innstendig oppfordring om at folk må ferdast aktsamt. Det meldast om glatte vegar, seier Lægdheim.